Vanskeleg å vere jente i Bangladesh

I filmen møter vi Nobel som fortel om søstera si som blei gifta bort, og jenter sin  situasjon i Bangladesh. Teksten med klassesamtalen kan ein laste ned som PDF nedst på sida.

 

Bangladesh er eit fattig land, og det er mange menneske som ikkje har det så lett. Til dømes kan det vere ganske tøft å vere jente i dette landet. Det er ikkje vanleg at jenter jobbar, derfor har ikkje fattige familiar råd til å ha jentene sine buande heime. Fattige foreldre vel mange gonger å gifte bort dottera si slik at dei kan finne ein mann som betaler for henne. Når jenta er gift flyttar ho inn med mannen og hans familie. Her bestemmer mannen sin familie over henne, og ho får sjeldan lov eller tid til å dra heim til sin eigen familie. Det er ikkje uvanleg at jentene som har blitt gifta bort får born veldig tidleg, mange gonger er dei berre born sjølv når dei blir mor for første gong. 

Søsteren til Nobel

Nobel som vi møter i filmen har ei søster som måtte gifte seg då ho berre var femten år. No har ho ein baby på eit år, og mannen har dratt frå henne. Ho har ingen jobb, det er ikkje så lett å jobbe når ho har eit lite barn ho må passe på heile dagen. Ho har ingen vaksne som kan hjelpe henne for dei er opptatt med sine eigne jobbar. Nobel uroar seg mykje for søster si. Han har lyst til å hjelpe henne, men det er vanskeleg når han er på skulen heile dagane.

Forbudt å gifte bort ei jente under 18 år

Det er ikkje lov å gifte bort dottera si. Det er faktisk ei alvorleg forbryting mot menneskerettane, barnerettane (barnekonvensjonen) og lova i Bangladesh å gifte bort eit born under 18 år. Likevel blir mange jenter gifta bort, og også haldne vekke frå skulen. Fattigdom er ein av grunnane til at foreldra ikkje sender borna på skulen. Dei treng at borna jobbar for å få tent nok pengar.

Dersom familien må velje å sende berre eit barn på skulen sender dei ofte guten, sjølv om gutar og jenter har like mykje rett til å gå på skulen. Mange av familiane kjenner ikkje til born og kvinner sine rettar, ikkje ein gong lova i sitt eige land. Dei har jo aldri fått gå på skule.

Foreldra til Nobel kan ikkje lese og skrive fordi dei ikkje fekk gå på skulen. Dei har alltid berre jobba så hardt dei kan for å få mat på bordet, og for at borna skal bli mette. Å gifte bort jenteborna sine tidleg er vanleg, alle gjer det. Difor var det vanskeleg for familiane å gjere noko anna enn å gifte bort Nobel si søster.

Heldigvis skjer mye bra i Bangladesh!

Ting er heldigvis i ferd med å endre seg i Bangladesh. No går fleire born på skulen. Der lærer dei om rettane sine, og at jenter og gutar er like mykje verdt. Jenter får betre sjølvtillit, og lærer at det ikkje er noko i vegen med at dei jobbar, på same måte som gutar. Dette gjer at fleire familiar gir jenter lov til å jobbe og tene pengar. Når jentene jobbar og tener sine eigne pengar treng dei ikkje ein mann som tener pengar for dei. Foreldra har difor råd til å ha dei buande i huset sitt og slepp å gifte dei vekk.


REFLEKSJONSSPØRSMÅL

  • Kvifor er det mange som giftar borna sine vekk så tidleg?

  • Kvifor er det viktig at jenter går på skulen? Nemn tre grunnar.

  • Kva betyr det at born har rettar? Kjenner du til nokre av dine rettar?

  • Er det skilnad mellom gutar og jenter i Noreg? Blir alle behandla likt?

  • Kor gamal må ein vere for å gifte seg i Noreg?


LAST NED

Tekst og klassesamtale (bokmål)


KOMPETANSEMÅL

    • Presentere menneskerettar og rettar barn har, og reflektere over kvifor desse rettane finst

    • Beskrive og samtale om ulike måter å leve sammen på i familie og samfunn.

    • Sette seg inn i og formidle egne og andres tanker, følelser og erfaringer