Laos sitt flagg

Ser du månen som skin over Mekong-elva? Somme synest dei kan sjå det i Laos sitt flagg.

 

Det laotiske flagget har same fargane som det norske; raudt, kvitt og blått. Det er ikkje så veldig gammalt. I 1975, då kommunistane kom til makta i landet, bestemte dei at dette skulle vere flagget. Tidlegare hadde Laos eit raudt flagg med ein elefant med tre hovud på. Det likna på det gamle kongeflagget.

Dei fleste kommunistiske land har ei stjerne i flagget sitt. Det har ikkje Laos.

Dersom du måler stripene i flagget, vil du sjå at den øvste og nedste raude stripa er like brei, og at den blå stripa i midten er dobbelt så brei.

Akkurat som ved mange andre flagg er fargane viktige symbol:
Den raude fargen står for blodet som blei spilt då landet kjempa for fridomen sin.
Den blå fargen står for velstand.
Den kvite sirkelen står for einskap og rettferd.

Elles brukar laotane å seie at den kvite sirkelen i flagget er månen som skin over Mekong-elva. Mekong renn gjennom nesten heile Laos.


OPPGÅVE

Last ned og fargelegg Laos flagg.