Å jobbe på ein teplantasje

Dette er eit undervisningsopplegg for 8.-10.trinn beståande av ein film og matteoppgåver. Tema er urettferdig handel, og vi skal bli kjent med nokre damer som jobbar på ein te-plantasje i Bangladesh. Damene må fylle 23 nett kvar dag for i det heile tatt å få betalt. Lønna er 8 kroner dagen, men viss dei fyller mindre enn 23 nett får dei ingenting.

 

REFLEKSJONSSPØRSMÅL

Berekraftsmåla er verda sin felles arbeidsplan fram mot 2030. Den består av 17 mål som igjen består av fleire delmål. Berekraftsmåla er eit verktøy for å jobbe saman mot blant anna å utrydde svolt, kjempe mot fattigdom og stoppe klimaendringane. Mål 8 handlar om anstendig arbeid og økonomisk vekst. Målet er å: «Fremme varig, inkluderande, berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetting og anstendig arbeid for alle». Det er nemleg slik at omtrent halvparten av verdas befolkning tener så dårleg at dei ikkje kan leve av løna si. Å skape jobbar der det er greitt å arbeide er ei av dei største utfordringane for alle land fram mot 2030 (henta frå FN-sambandet).

1.  Kva tenkjer du om at omtrent halvparten av verdas befolkning tener så dårleg at dei ikkje kan leve av lønna si?

2.     Ut frå det Anita fortel i filmen om jobben som te-plukkar, har du inntrykk av at dei klarer å leve av lønna si på 8 kroner om dagen?

3.     Trur du det er mogleg at vi/alle land klarar å skape nok jobbar der det er trygt og greitt å jobbe fram til 2030? Kva trur du må til for å få nå dette målet? Kva kan kvart enkelt land gjere?


MATTEOPPGÅVER  

  1.      Ein gjennomsnittsnordmann jobbar 1750 timar i året (utanom ferie). Ein arbeidar på te-plantasjen har ikkje ferie, og jobbar 6 dagar i veka. 

    a. Kor mange timar i året jobbar ein teblad-plukkar dersom han/ho jobbar gjennomsnittleg åtte timar kvar arbeidsdag? Det er 52 veker i eit år. 

    b. Kor mange fleire timar jobbar te-plukkaren enn nordmannen på eit arbeidsår?

    c. Kor mange prosent meir jobbar te-plukkaren enn nordmannen i løpet av eit arbeidsår?

    2.     Gjennomsnittleg dagsløn for ein te-plukkar er 8 kroner. Ein nordmann har i gjennomsnitt 286 kroner per time.

    a.  Kva er dagsløna til ein gjennomsnittsnordmann (som jobbar 8 timar per dag)? 

    b.  Cirka kor lenge må ein nordmann jobbe for å tene 8 kroner? 

    c.  Kva tenkjer du om skilnaden på kor mykje ein jobbar i Bangladesh og Noreg, og skilnaden på kor mykje ein tener i disse to landa?

    3. En te-arbeidar tener 8 kroner på ein dag når han/ho klarar å plukke 23 kilo te-blad. Dette gir 5,5 kilo ferdig behandla te. (Det er omlag 1 kilo med te-blad i kvart nett te-plukkarane fyller opp ute på te-plantasjen).

    a.     Kor mange kilo te-blad plukkar ein i løpet av ei arbeidsveke når ein plukkar 23 kilo kvar dag? (Husk dei har fri ein dag i veka)

    b.  Kor mange kroner tener te-arbeidaren for det som blir 1 kilo ferdig te?

    c.   Ein pakke te kjøpt i butikk i Noreg inneheld omlag 30 gram og kostar 50 kroner. Kva blir kiloprisen?

    d.  I produksjonen av te er det fleire ledd som skal få betalt: te-plukkar, den lokale te-fabrikken, teselskapet (Twinings, Pukka o.l.), transport og butikk i Noreg. Kor mange prosent meiner du at kvart av desse ledda burde fått betalt? Fordel 100 prosent på dei fem ledda på ein måte som du meiner er rettferdig.

    e.  Kor mange prosent tener te-arbeidaren av kiloprisen du fant i oppgåve c?

    4.     Er ein sjuk ein dag på te-plantasjen, får ein ikkje løn. Finn ut:

    a.     Bruk internett til å finne ut kva rettar du har viss du ligg heime med influensa ei veke, og ikkje klarer å gå på jobb.

    b.     Kva konsekvensar trur du det vil få for ein arbeidar på te-plantasjen viss han/ho er sjuk i ein lengre periode?

    c.    Kva taper ein arbeidar på te-plantasjen viss han/ho er sjuk i 5 dagar?


EKSTRA

Prøv rollespillet «Tekstilfabrikken» fra FN Sambandet.



KOMPETANSEMÅL

    • Vurdere korleis arbeid, inntekt og forbruk kan påverke personleg økonomi, levestandard og livskvalitet

    • Samanlikne korleis politiske, geografiske og historiske forhold påverkar levekår, busetjingsmønster og demografi i forskjellige delar av verda i dag