Å være jente i Bangladesh
I filmen møter vi Bornali som høyrer til ei jentegruppe som heiter Shonglap som reiser rundt og lærer bort kunnskap om jenter sine rettar.
I Bangladesh er det vanleg å gifte bort døtrene sine når dei er veldig unge, kanskje berre 14 eller 15 år. I følgje tradisjonen skal ikkje jenter jobbe eller tene eigne pengar, mange blir difor gifta vekk så dei ikkje skal vere ein økonomisk byrde for familien.
Det er forbode ved lov å gifte seg før ein er 18 år i Bangladesh, og jenter har like stor rett til å gå på skulen som gutar. Men mange er verken klar over denne loven eller kvinner og born sine rettar.
REFLEKSJONSSPØRSMÅL
Hvordan er det å vere jente i Bangladesh?
I landsbyen til Bornali får jentene lære seg praktisk kunnskap. Til dømes å veve tøystykke, sy ulike ting og flette korger. Trur de dette er viktig? Forklar svaret ditt.
I Noreg er det mange familiar der begge foreldra jobbar, sjølv om dei har born. Kvifor er det lettare i Noreg enn på landsbygda i Bangladesh?
Finst det skilnad på korleis jenter og gutar blir behandla i Noreg? Viss ja, prøv å kom med døme.
I Bangladesh er det 18-års grense for å gifte seg. Likevel er det mange som blir gifta bort når dei er mykje yngre. Kvifor trur de dette skjer? Prøv å nemn minst tre grunnar.
Til jentene: Korleis hadde du reagert dersom dei rundt deg ikkje ville lytte til dine meiningar og råd berre fordi du er jente?
Til gutane: Korleis hadde du reagert dersom dei rundt deg ikkje ville lytte til dine meiningar og råd berre fordi du er gut?
Nokre av jentene i landsbyen til Bornali får tilbod om leiartrening. Trur de det er viktig? Forklar svaret ditt.
Eit berømt sitat seier: «Viss du utdannar ei jente utdannar du ein heil familie». Kva trur de det betyr?
Kva trur de hender med dei borna som blir tatt ut av skulen fordi foreldra ikkje har råd til å la dei få ei utdanning?
OPPGAVER
1. Gruppevis eller individuelt. I filmen seier Bornali at ho syns det er fantastisk å vite at ho har eigne rettar. Les ei forenkla utgåve av barnekonvensjonen her.
a. Er dine rettar ulike frå Bornali sine? Syns du det er nokre rettar i barnekonvensjonen som er spesielt viktige? Syns du det manglar nokre rettar i barnekonvensjonen? Skriv ned det du kjem på.
b. Trur de nokre av desse rettane blir brotne i Bangladesh på grunn av fattigdom? Skriv 3 døme kvar og diskuter dei i klassen.
2. Lag ein teikneserie på 9-24 ruter. Bornali er hovudpersonen i teikneserien, og ho fortel korleis Shonglap har endra livet hennar.
UTFORSK
Sjå filmen «Retten til utdanning». Filmen forklarer kvifor det er viktig å gå på skule, og kvifor det er spesielt viktig at jenter får fullført skulegangen. Diskuter refleksjonsspørsmåla til filmen.
KOMPETANSEMÅL
-
Samtale om menneske- og likeverd og samanlikne korleis menneskerettane er blitt og blir varetekne i ulike land
Drøfte kva likeverd og likestilling har å seie fore eit demokrati, og utvikle forslag til korleis ein kan motarbeide fordommar, rasisme og diskriminering