Å vere bonde i Zambia

I filmen møter vi Mukela, han er ein gut på 11år som bur i ein landsby i Zambia. Foreldra hans er bønder. Å vere bonde i Zambia er ein vanskeleg jobb.

 

Eigentleg er jorda i Zambia veldig god og full av mykje næring slik at planter og korn kan få vekse godt. Men det er diverre ikkje nok at jorda er god, bonden treng også heilt rett mengde med vatn. I Zambia har ikkje dei fattige bøndene store vatningssystem slik som nokre bønder i Noreg har. I Zambia er dei difor avhengige av ei heilt rett mengde med regn, og til rett tid.

Dei siste åra har vêret endra seg mykje og gjort det endå vanskelegare for bonden. Eit år regnar det gjerne alt for mykje slik at alle korna blir øydelagde av flaum, og neste år kan det hende det ikkje kjem noko regn og avlingane blir øydelagde av ekstrem tørke. Dette gjer det mykje vanskelegare å planlegge både dyrking og innhausting av avlingane. Det kan vere ganske alvorleg for ein bonde å få øydelagt heile eller halve avlinga, det kan gjere at familien ikkje får så mykje mat som dei trenger og må gå svoltne. Det kan også bety at dei ikkje har nok mat til overs til å selje på bonden sin marknad for å tene pengar. Når vêret øydelegg heile avlingar kan det også føre til matmangel i store område, landsbyar eller til og med i heile landet. Dette har hendt fleire gonger i Zambia. 


REFLEKSJONSSPØRSMÅL

  • Forklar korleis vêret og klimaet påverkar bøndene i Zambia?

  • Merkar vi klimaendringane i Noreg? Viss ja, korleis påverkar det liva våre i Noreg?

  • Kven trur de har det tøffast når klima endrar seg, vi i Noreg eller dei i Zambia? Forklar kvifor.

  • Trur de vår forureining i Noreg kan påverke vêret og livet til bøndene i Zambia?


OPPGÅVER  

  1.     Diskuter i klassen og lag tankekart på tavla: «Kva er det som forureinar og skaper eit dårleg klima?» (For å kome i gong: eksos frå bilar, fly, olje – og gassproduksjon, kjøp – og – kast, søppel og plastikk).

    2.    Gruppevis eller individuelt: Lag eit tankekart med så mange forslag de klarer på korleis ein kan leve meir klimavennleg her i Noreg?

    3.    Vel dei fire beste forslaga frå kvar gruppe/person og skriv dei på tavla. Er det nokre av forslaga de i klassen kan byrje med sjølv for å betre miljøet?

    4.    Oppfordring til læraren og klassen: bestem dykk for eit av forslaga de kan starte med i dag.  

    5.    Sjå filmsnutten om Ryan på 7 år som er sjefen i sitt eige flaskepante-firma: https://www.youtube.com/watch?v=TGx5CJcF044   (1min film på enkel engelsk, men treng nok litt forklaring av lærar for dei yngste)


UTFORSK

1.    Intervju ein bonde i nærleiken av der du bur. Lag 5 – 10 spørsmål og skriv ned svara. Kva dyrkar han/ho? Har han/ho måtta endra det dei dyrkar dei siste åra på grunn av skifte i vêr og klima?

2.    Lag ein veggplakat eller ein presentasjon der de viser korleis forureininga vår og livsstilen i Noreg kan påverke bonden i Zambia.


LÆR MER

Sjå Hei Verdens undervisningsopplegg “Klimaurettferdighet”

KOMPETANSEMÅL

    • Drøfte hvordan energiproduksjon og energiforbruk kan påvirke miljøet lokalt og globalt

    • Beskrive drivhuseffekten og gjøre rede for faktorer som kan forårsake globale klimaendringer

    • Beskrive ulike dimensjonar ved berekraftig utvikling og korleis dei påverkar kvarandre, og presentere tiltak for meir berekraftige samfunn