Å vere jente i Bangladesh
I filmen treff vi Bornali som høyrer til ei jentegruppe som heiter Shonglap som reiser rundt og lærer bort kunnskap om jenter sine rettar.
I Bangladesh er det vanleg å gifte bort døtrene sine når dei er veldig unge, kanskje berre 14 eller 15 år. I følgje tradisjonen skal ikkje jenter jobbe eller tene eigne pengar, mange blir difor gifta vekk så dei ikkje skal vere ein økonomisk byrde for familien.
Det er forbode ved lov å gifte seg før ein er 18 år i Bangladesh, og jenter har like stor rett til å gå på skulen som gutar. Men mange er verken klar over denne loven eller kvinner og born sine rettar.
REFLEKSJONSSPØRSMÅL
I følgje FN sitt berekraftsmål skal alle born, både gutar og jenter, få gå på ein god skule innan 2030 (Les meir om FN sitt berekraftsmål nr.4 og 5 her).
· Kvifor er det viktig at både jenter og gutar går på skule?
· Eit berømt sitat seier: «Viss du utdannar ei jente utdannar du ein heil familie». Kva trur de det betyr?
· I landsbyen til Bornali er det fleire av jentene som får leiartrening. Kvifor trur de det er viktig?
· På verdsbasis finn vi fleire menn enn kvinner i leiarstillingar, både i bedrifter og som statsleiarar. Kva betydning har dette for likestilling?
· I Noreg er det mange familiar der begge foreldra jobbar, sjølv om dei har born.
- Kvifor trur de det er slik, og har det alltid vore slik?
- Kvifor er det lettare å ha born og jobbe i Noreg enn på landsbygda i Bangladesh?· Finst det skilnad på korleis jenter og gutar blir behandla i Noreg? Viss ja, prøv å kom med døme.
· I Bangladesh er det 18-års grense for å gifte seg. Likevel er det mange som blir gifta vekk når dei er mykje yngre. Kvifor trur de dette skjer? Prøv å nemn minst tre grunnar.
OPPGÅVE
FN sitt Berekraftsmål 5 seier at verdas land skal jobbe for å «oppnå likestilling og styrke jenter og kvinners stilling» innan 2030. Når jenter blir tatt ut av skolen, og gifta vekk vil det gjere det vanskelegare å nå dette målet. Jobb i grupper og lag ein film eller en digital presentasjon om barneekteskap som de viser for resten av klassen. Hei Verden, UNICEF og Plan er gode kjelder. Som eit minimum bør de svare på desse spørsmåla:
i. Kor mange born blir gifta vekk kvart år?
ii. Kva er hovudgrunnane til at born blir gifta vekk?
iii. I kva land blir born gifta vekk? Finst det nokre likskapstrekk mellom desse landa?
iv. Kva kan konsekvensane vere for ei jente dersom ho blir gifta vekk?
v. Kvifor blir det vanskeleg å nå FN sitt berekraftsmål 5 når born blir gifta vekk?
UTFORSK
1. Sjå filmen «Retten til utdanning». Filmen forklarer kvifor det er viktig å gå på skule, og kvifor det er spesielt viktig at jenter får fullført skulegangen. Diskuter refleksjonsspørsmåla til filmen.
2. Gå inn på verdensbestenyheter.no. Her kan du velje nyhende basert på kva berekraftsmål dei er relaterte til. Les nyhende relatert til berekraftsmål 4 og 5. Vel ut den nyhenda du blei mest overraska over og presenter for klassen.
KOMPETANSEMÅL
-
Samanlikne korleis politiske, geografiske og historiske forhold påverkar levekår, busetjingsmønster og demografi i forskjellige delar av verda i dag
Utforske og beskrive korleis menneske- og urfolksrettar og andre internasjonale avtalar og samarbeid har betydning for nasjonal politikk, livet til menneske, likestilling og likeverd.
-
Identifisere og drøfte aktuelle etiske problemstillinger knyttet til menneskerettigheter, bærekraft og fattigdom