Å vere jente i Zambia

I filmen møter vi 13 år gamle Namatamah frå Zambia. Til liks med andre tenåringsjenter har Namatamah ein draum for framtida. Ho ynskjer å bli lærar. På den måten kan ho hjelpe andre barn med å få ei utdanning slik at dei kan ta vare på seg sjølv. Likevel kan det sjå mørkt ut for framtidsdraumen nå som ho er gravid og skal bli mor for første gong.

 

Det kan vere både fint og vanskeleg å vere jente i Zambia. På mange måtar kan jentene på landsbygda i Zambia ha de same interessene, draumane og behova som til dømes norske jenter. På den andre sida er det mange ting som kan gjere at livet som jente i Zambia er ganske tøft, slik som for Namatamah. Ho syns det er spanande å skulle bli mor, men skjønar at det kjem til å bli veldig utfordrande. Ho slutta på skulen etter 7.klasse då ho blei gravid og har derfor ikkje gått så lenge på skulen, og utan ei god utdanning blir det ekstra vanskeleg å finne ein jobb som betaler greitt. Faren til den vesle babyen bur i nabolandsbyen og har sagt han skal hjelpe til med pengar.

I Zambia i dag startar omtrent like mange gutar som jenter på skulen, men jentene sluttar gjerne tidlegare enn gutane. Når jentene blir gamle nok til å hjelpe til heime eller får sin eigen familie, slik som Namatamah, sluttar dei gjerne på skulen. Det kjem til å ta mange år før Namatamah får sjansen til å fullføre utdanninga si nå som ho har eit barn ho må ta seg av. Ho har ikkje råd til å sende barnet i barnehage eller tilsette ein barnepassar, og hennar eigne foreldre er travelt opptatt med å jobbe på åkeren. Sidan mange foreldre i Zambia er borte heile dagane på åkeren, har jentene mange plikter heime. Namatamah må passe småsøsken, lage mat og gjere husarbeid.

Ein annan ting som kan gjere at det er ekstra tøft å vere jente i Zambia er viss ein blir gifta bort i ung alder. Det er ikkje så uvanleg at dette skjer mens jentene er mellom 13 og 18 år. Dette har vore vanleg i mange år i Zambia, det er ein del av deira kultur og tradisjon. Nå har det kome ei lov mot dette som seier at det er forbode, men likevel hender det. Ein av grunnene til at det framleis hender kan vere at familien sparer pengar på det. Dersom dei har mange barn kan det bli for dyrt for familien å forsørge alle, mens viss dei giftar bort ei dotter vil den nye familien ta seg av henne. Gutar kan også bli gifta bort, men det er ikkje like vanleg.


SPØRSMÅL TIL FILMEN

  • Kvifor er det viktig at jenter går på skule? Nemn tre grunnar.

  • Innan 2030 har landa i verda ei plan om at alle barn, både gutar og jenter, skal få gå på ein god skule. (Les meir om FNs berekraftsmål 4 her)

    • Kvifor er det viktig at både jenter og gutar går på skule? Kva kan hende viss det blir flest gutar som får utdanning, flest gutar som får jobb og flest gutar som styrer i landet og lagar lovar og regler?

    • Eit berømt sitat seier: «Viss du utdannar ei jente utdannar du ein heil familie». Kva trur de det betyr?

  • I Noreg er det mange familiar der både mor og far jobbar, sjølv om dei har eit eller fleire barn. Korleis går det an i Noreg? Kvifor er det lettare i Noreg enn på landbsygda i Zambia?

  • Er det skilnad på korleis jenter og gutar blir behandla i Noreg? Viss ja, prøv å kome med døme.


KOMPETANSEMÅL

  • Identifisere og drøfte aktuelle etiske problemstillinger knyttet til menneskerettigheter, bærekraft og fattigdom

    • Samanlikne korleis politiske, geografiske og historiske forhold påverkar levekår, busetjingsmønster og demografi i forskjellige delar av verda i dag

    • Utforske og beskrive korleis menneske- og urfolksrettar og andre internasjonale avtalar og samarbeid har betydning for nasjonal politikk, livet til menneske, likestilling og likeverd