Alle barn har rett til…

Bruk plakaten til å læra meir om rettane til barn. Plakaten kan bestillast her eller lastast ned frå denne sida. Bli samde om dei rettane de synest er viktigast og skriv dei inn i skyene på plakaten. De kan òg skriva fleire rettar i kvar sky. Heng plakaten opp i klasserommet.

Forslag til fremgangsmåte:

1)  Skriv alle rettane i barnekonvensjonen i stikkordform på tavla. Kvar elev får setja ein prikk ved 7 av dei rettane som dei sjølv synest er viktigast. Dei rettane som får flest prikkar blir skrivne på plakaten. Diskuter etterpå kvifor akkurat desse rettane vart valde.

2)  Elevane jobbar i grupper på 3-5 der dei i fellesskap blir samde om 10 rettar dei synest er viktigast. Etterpå blir presentert desse i felleskap. Dei rettane som flest grupper hadde nemnt får vera med på plakaten. Diskuter kvifor desse rettane vart valde. 

De kan læra meir om rettane til barn her.

Plakaten passar godt saman med filmen og undervisningsopplegget Skole for alle - å leva med ei funksjonsnedsetjing.

 

Kompetansemål

    • Presentere menneskerettar og rettar barn har, og reflektere over kvifor desse rettane finnst (4.trinn)

    • Samtale om menneske- og likeverd og samanlikne korleis menneskerettane er blitt og blir varetekne i ulike land (7.trinn)

    • Utforske og beskrive korleis menneske- og urfolksrettar og andre internasjonale avtalar og samarbeid har betydning for nasjonal politikk, livet til menneske, likestilling og likeverd (10.trinn)