Bli kjent med Zambia
I denne filmen blir vi kjent med ei ung jente og ein ung gut på landsbygda i tillegg til ein ungdom som bur i Lusaka. Alle tre lever i fattigdom. Filmen gir ein introduksjon til Zambia og tar for seg tema som barna sine levekår, skilnadane på fattig og rik, skule, helse, klima og jordbruk. Sjå filmen saman med klassen og ha ein diskusjon med refleksjonsspørsmåla felles i klassen etterpå.
FØR DE SER FILMEN
Kva vet de om Zambia?
ETTER FILMEN
Lærte de noko nytt om Zambia?
Var det noko som overraska deg? Kvifor?
Kva betydning kan utdanning ha for livet til born i Zambia?
Korleis påverkar klimaet bøndene i Zambia
På kva måte kan livsstilen vår og forureininga påverke livet til bøndene i Zambia?
I episoden sier de at mange av de foreldreløse barna i Zambia må bli voksne ganske fort – Hva menes med det?
LÆR MEIR
- Sjå samanlikninga av Zambias og Noregs fotballandslag i NRK sportservyen frå søndag 6. november 2016.
- Kva med å lage ein zambisk fotball med plastikkposar og hyssing?
- Sjå Hei Verdens undervisningsopplegg Alle barn har rett til.. og Skule for alle - å leve med ei funksjonsnedsetjing.
- Her kan de finne oppskriften på nshima og andre spanande rettar frå Zambia. Kanskje kan klassen prøve å lage ein av rettane skølv?
KOMPETANSEMÅL
-
beskrive geografiske hovudtrekk i ulike delar av verda og reflektere over korleis desse hovudtrekka påverkar menneska som bur der