Bli med til ein Akha-landsby

Akhafolket er ei urfolksgruppe i Laos. I denne filmen blir vi med til ein av landsbyane der Akhaene bur. Vi blir kjent med Mito som viser oss huset hennar.

 

Akhaene bur vanlegvis i små fjellandsbyar med 100 til 200 innbyggarar. Det er vanleg at dei ulike urfolksgruppene bur i landsbyar for seg sjølv, men nokre gonger finn vi fleire grupper som bur i same landsby. 

Det kan vere vanskeleg å kome seg til landsbyane. Vegane opp i fjella er ofte i særs dårleg stand, og særleg i regntida kan det vere nesten umogleg å køyre på dei. Landsbyane ligg ofte langt frå kvarandre og dei fleste som bur her har ikkje bil. Nokre familiar har kanskje ein moped eller sykkel.  Husa i landsbyen er bygd av tre eller bambus, og er ganske enkle. Husa er gjerne bygd på pålar. Mange landsbyar manglar reint vatn og dei som bur der må gå langt for å hente vatn i nærmaste elv. Straum er heller ikkje vanleg i landsbyane. I filmen treff vi ei jente som heiter Mito og ser korleis ho har det heime.


SPØRSMÅL TIL FILMEN

  • Kva for nokon dyr lever i landsbyen?

  • Korleis er husene bygget?

  • Kva er vanleg å spise i Laos?

  • Kven bur saman med Mito?

  • Kvifor gjør Mito leksene ute?


OPPGÅVER  

  1. Her kan du finne oppskrifter fra Laos som klassen kan laga.

  2. Lær meir om Akha-folkets tro og ritualer i undervisningsopplegget Ein natur full av sjel og ånder.


KOMPETANSEMÅL

    • Utforske og gi døme på korleis menneske i ulike delar av verda påverker livet til kvarandre

    • Presentere menneskerettar og rettar barn har, og reflektere over kvifor desse rettane finst

    • Beskrive geografiske hovudtrekk i ulike delar av verda og reflektere over korleis desse hovudtrekka påverkar menneska som bur der