Å vera bonde i Zambia

I filmen møter me Mukela, ein gut som bur i ein landsby i Zambia. Foreldra hans er bønder. Å vera bonde i Zambia er ein vanskeleg jobb.

Eigentleg er jorda i Zambia veldig god og full av mykje næring slik at plantar og korn kan få veksa godt. Men det er dessverre ikkje nok at jorda er god, bonden treng også heilt rett mengd med vatn. I Zambia har ikkje dei fattige bøndene store vatningssystem slik som nokre bønder har i Noreg. I Zambia er dei derfor avhengige av ei heilt rett mengd med regn, ikkje for mykje og ikkje for lite. 

Dei siste åra har vêret endra seg mykje og gjort det endå vanskelegare for bonden. Eitt år regnar det gjerne alt for mykje slik at alle korna blir øydelagde av flaum, og neste år kan det henda det ikkje kjem noko regn og avlingane blir øydelagde av ekstrem tørke. Dette gjer det mykje vanskelegare å planleggja både dyrking og innhausting av avlingane. Det kan vera ganske alvorleg for ein bonde å få øydelagt heile eller halve avlinga, det kan gjera at familien ikkje får så mykje mat som dei treng og må gå svoltne. Det kan også bety at dei ikkje har nok mat til overs til å selja på marknaden til bonden for å tena pengar. Når vêret øydelegg heile avlingar kan det også føra til matmangel i store området, landsbyar eller til og med heile landet. Dette har skjedd fleire gonger i Zambia.

 
 

REFLEKSJONSSPØRSMÅL

  • Forklar kva vêret/klima har og si for bøndene i Zambia?

  • Familien til Mukela dyrkar mais og den et dei og lever av året rundt. Kva trur de skjer med Mukela og familien viss maisavlinga blir øydelagd eit år?

  • Merkar me klimaendringane i Noreg? Viss ja, kva har det og si for liva våre i Noreg?

  • Kven trur de har det tøffast når klima endrar seg, me i Noreg eller dei i Zambia? Forklar kvifor.

  • Trur de forureininga vår i Noreg kan påverka vêret og livet til bøndene i Zambia?


OPPGAVER  

  1. Diskutér i klassen og lag tankekart på tavla: ”Kva er det som forureinar og skaper eit dårleg klima?”

  2. Gruppevis eller individuelt: Lag eit tankekart med så mange forslag de klarer på korleis ein kan leva meir klimavennleg her i Noreg.

  3. Vel dei fire beste forslaga frå kvar gruppe/person og skriv dei opp på tavla. Er det nokon av forslaga de i klassen kan byrja med sjølv for å betra miljøet?

  4. Oppmoding til læraren og klassen: Bestem dykk for eitt av forslaga de kan starta med i dag.


LÆR MER

  1. Intervju ein bonde i nærleiken av der du bur. Lag 5-10 spørsmål og skriv ned svara. Kva dyrkar han/ho? Har han/ho måtta endra det dei dyrkar dei siste åra på grunn av skifte i vêr og klima?

  2. Lag ein veggplakat (klipp og lim eller teikn) kvar de viser korleis forureininga vår og livsstil i Noreg kan påverka bonden i Zambia.