Chintu, Bernard og apekatten
– ei forteljing frå Zambia
Noko rørte på seg oppetter beinet. Chintu rista på foten i halvsøvne. Nei, der kjende han ei kribling igjen. ”Uæææ!” Med eitt var han lys vaken! Ei lita firfisle sprang febrilsk på kryss og tvers over beina hans og prøvde å finne vegen ut av teppet.
”Bernard! Din luring! Det er du som har lagt ho der!”
Bernard klukka under teppet, men hylte då Chintu kleip han i låret. I neste augneblink pilte firfisla over golvet og ut døra. Veslebror, som låg inst ved veggen, merka ingenting.
”Hei, de der inne – dersom de likevel er vakne, kan de gå og hente vatn!”
Det var mora til Chintu som ropte frå gardsplassen, og gutane skjønte at det var best å gjere som ho sa …
Det låg ein stor haug med peanøtter ved sida av mora til Chintu. Fingrane hennar reinsa nøtter såg fort at dei nesten kunne sjå kor haugen voks.
”Nam! Skal vi ha ifsashi til middag!” utbraut Chintu. Mora berre smilte og peikte på vasskara som skulle fyllast. Bernard og Chintu tok kvart sitt kar og sprang mot vasspumpa som låg på andre sida av landsbyen.
Bernard er fetteren til Chintu. Han og småsøstrene hans hadde budd hos familien til Chintu heilt sidan mora deira døydde. No var dei to gutane som to erteris.
Då Chintu og Bernard kom tilbake, sat alle jentene i familien på gardsplassen. Chintu sine tre søstrer og Bernard sine to. Faren til Chintu heldt på å gjere seg klar til arbeidet på markene. I går hadde alle vore med på å plukke bomull.
”Men no er heldigvis alt i hus, i god tid før regnet kjem”, sa pappa. ”Eg treng ikkje hjelp før i ettermiddag. Då skal vi sortere og pakke i sekker, og alle må vere med!”
Chintu og Bernard såg på kvarandre. Ein heil formiddag fri! Då visste dei kva dei ville gjere. Det betydde at dei kunne gå til Molo-landsbyen og spele fotball med ungane der!
----- ::: -----
Like etter var dei på veg ut av landsbyen med kvar sin stokk og eit gammalt sykkelhjul. Dei pleidde å konkurrere om kven som kunne få hjulet til å trille lengst mogeleg utan at det velta. Stokken brukte dei til å halde hjulet i fart.
”Fyrstemann!” ropte Bernard og sprang bortover så støvet stod som ei sky rundt beina hans. Bernard var ein av dei raskaste i landsbyen. Han sa han hadde blitt så god fordi han måtte springe frå dei store gutane då han gjekk på skulen inne i byen. Skulen i byen hadde vore stor, med mange elevar og mange lærarar. Heilt annleis enn skulen her, der det berre var ein lærar. Chintu sprang etter, og så snart Bernard mista styringa på hjulet, greip Chintu sjansen og overtok. Men, heisann! Hjulet gjorde eit hopp, det var like før det velta, og Chintu heiv seg framover med stokken. Det skulle han ikkje ha gjort! Hjulet forsvann ut i grøfta, og Chintu fall så lang han var.
”Au!”
Han som eigentleg kunne springe nesten kvar det skulle vere utan at han kjende nokon ting – sånn var det når han alltid gjekk berrføtt – men denne gongen hadde han sparka tåa mot ein spiss stein. ”Gjer det vondt?”
Bernard var heilt andpusten då han kasta seg ned ved sida av Chintu.
”Eg trur det går bra”, sa Chintu og såg på tåa som nesten var blitt dobbelt så tjukk. I ein augneblink var det ingen av dei som sa noko. Dei berre så ned på foten til Chintu. Då høyrde dei noko. Ei svak, svak knurring.
”Hysj!” sa Chintu, enda dei var heilt stille. ”Høyrde du det?”
Og der var det igjen. Noko som knurra.
”Tenk dersom det er ei LØVE”, sa Bernard. Han var heilt vitskremd. Han var jo eigentleg bygut og ikkje van med ville dyr i det heile teke.
”Kan det vere ei løve frå nasjonalparken som har forvilla seg heilt hit?” Chintu kjende seg ikkje heilt trygg, han heller. Bernard trekte han i T-skjorta.
”Kanskje vi skal klatre opp i det treet der? Trur du vi rekk det før ho går laus på oss?”
”Det er ikkje vits i, løver kan jo klatre i tre”, kviskra Chintu.
Bernard sine auge blei endå større.
”Men, men, tenk dersom ho ikkje har ete på mange dagar! Ho er sikkert kjempesvolten. Hjelp!” No var Bernard verkeleg blitt redd.
”Ikkje rop. Dersom ho kjem nærmare, må vi ikkje tirre ho.” Chintu såg strengt på Bernard. ”Onkel har sagt at vi ikkje må sjå ville dyr i auga. Då blir dei kjemperedde og kjempesinte. Akkurat som med hundar, veit du …”
Då han hadde sagt det, låg dei to gutane stille ei lang stund utan å røre seg.
”Men du. Dersom det verkeleg var ei svolten, sint løve, hadde ho vel kome fram no?”
Bernard så på Chintu. Og der høyrde dei lyden igjen, men no høyrdest det meir ut som piping enn som knurring. Skulle dei våge å gå nærmare?
”Eg tør”, sa Chintu.
Han hadde heilt gløymt den vonde tåa si. Han ålte seg forsiktig framover, medan Bernard kraup bak han. Nærmare og nærmare der dei meinte lyden kom frå. Og plutseleg såg dei noko røre seg i graset i grøfta lenger framme. Noko brunt og lite, ja, slett ikkje som noka løve! Forsiktig skuva Chintu nokre greiner til side, og to små brune auge keik opp på han.
”Ein ape!” lo han. ”Det er ein apekatt!”
Apekatten freste mot han.
”Stakkars, han er skadd! Sjå, armen er heilt forvridd!”
Gutane såg noko som likna blodflekker i pelsen til apekatten.
”Han har sikkert blitt påkøyrd”, sa Chintu.
Det var ingen i landsbyen som hadde bil, og det var lite trafikk på vegen, men når det fyrst køyrde bilar forbi, køyrde dei fort. Det var ikkje fyrste gongen at gutane hadde funne skadde dyr i grøfta. Men som regel var det ein hund eller hare. Og som regel var dei døde.
”Å nei, sjå, kanskje denne er død også”, sa Bernard plutseleg.
Det var akkurat som om den vesle apekatten hadde falle litt saman.
”Nei, sjå”, sa Chintu, ”han pustar enno. Han har sikkert berre svima av.”
”Kva skal vi gjere? Vi må hjelpe han!”
”Eg veit det! Vi tek han med til helsestasjonen!”
For nokre år sidan hadde styresmaktene bygd ein helsestasjon som alle landsbyane i området kunne bruke. Men det var berre doktor der éin gong i månaden. Dei andre dagane var det to helsearbeidarar som jobba der.
”Og dei kan heilt sikkert hjelpe oss!” sa Chintu glad.
Då dei hadde kome på den løysinga, blei dei to gutane ivrige. Dei fann igjen det gamle sykkelhjulet dei hadde lekt med. Så la dei nokre store greiner på kryss og tvers over det, og øvst la dei T-skjorta til Chintu. Så løfta dei apekatten forsiktig oppå og byrja å gå.
----- ::: -----
”Nei, dette var ein fin liten apekatt! Eg synest han liknar på onkelen min, eg, han Amos.” Helsearbeidaren lo ein buldrande latter. Han hadde nett spjelka armen til apekatten.
”Tusen takk for at du hjelper oss!” sa Chintu.
”Å, det var greitt å gjere noko anna. Vi har halde på med vaksinar heile veka”, sa helsearbeidaren, ”og no var det jo ingen andre pasientar som venta, heller”
”Er det heilt sikkert at han blir frisk igjen?” spurde Bernard.
”Å ja”, forsikra helsearbeidaren. ”Eit armbrot skal han nok overleve.”
Chintu og Bernard hadde sett på med store auge då mannen på helsestasjonen fyrst gav apekatten bedøving, og så kjente rundt på den vesle kroppen for å finne ut kva som var gale. Han hadde reinsa såra og så liksom vridd armen på plass
”No kjem nok snart den vesle krabaten til å vakne til liv igjen, og då vil han vere tørst!”
Dei to gutane lovde å gi apekatten mykje vatn og å passe på at tøyremsene rundt armen alltid var stramme.
”Han ha støtte for armen i minst to veker, slik at brotet kan gro.”
Dei skulle akkurat til å gå då mannen ropte etter dei.
”Kva kallar de han, då?”
Bernard og Chintu keik på kvarandre. Det hadde dei jo ikkje akkurat tenkt på. Så sa Bernard:
”Nei, det må bli Amos, det, etter onkelen din.”
”Haha, ja det skulle onkel Amos ha visst, at han har ein apekatt oppkalla etter seg!”
Dei høyrde den buldrande latteren til helsearbeidaren bak seg då dei gjekk bortover vegen igjen.
----- ::: -----
Det var langt på dag då Chintu og Bernard kom tilbake til landsbyen. Dei balanserte hjulet med Amos apekatt forsiktig mellom seg. Like ved sat Chintu si storesøster Jennifer og fletta håret på Zuzy. ”Trettifem!” sa Jennifer. ”Trettifem små fletter over heile hovudet.”
”Og når ho blir ferdig, blir det kanskje hundre!” sa Zuzy stolt.
”Nei, ikkje så mange”, lo Jennifer.
”Kva er det du pyntar deg for, då?” spurde Bernard.
”Har de ikkje høyrt det?” Jennifer så overraska på dei. ”I morgon byrjar skulen igjen, den nye læraren har kome!”
Ingen av barna i distriktet hadde vore på skulen på ein månad fordi læraren hadde blitt sjuk og reist heim til landsbyen sin.
”Men kva er det de held på med?”
No fyrst la søstrene merke til at gutane var opptekne med ein bylt og eit teppe borte ved husveggen. Dei heldt på å lage ei slags seng i ei kasse som stod der. Zuzy lét fletter vere fletter og sprang bort. ”Å, sjå så søt! Får eg halde han?”
Bernard heldt henne tilbake.
”Nei, ver forsiktig, han er skadd!”
Og så fortalde gutane kva som hadde skjedd. Ikkje lenge etter var nesten alle barna i landsbyen samla rundt kassa. Då sa Chintu strengt:
”De må gå. Amos kjem til å bli heilt redd når han vaknar opp frå bedøvinga og ser så mange.”
”De kan kome og helse på han når han blir friskare”, sa Bernard, ”for Amos kjem nok til å bu her ei stund.”
Då barna gjekk, tok det ikkje lang tid før Amos forsiktig byrja å røre på seg.
”Vatn! Vi må gi han vatn.”
”Sjå her.” Det var mora til Chintu som kom med ei våt fille. Så sa ho at Amos kanskje ikkje ville greie å drikke sjølv med ein gong, og at dei skulle halde den våte kluten inntil munnen hans.
”Sånn gjorde eg med deg då du var sjuk, Chintu, det var den einaste måten å få i deg noko som helst på.”
Heile kvelden sat dei to gutane og passa på den nye vennen sin. I byrjinga freste han kvar gong dei nærma seg med kluten, men etter kvart var det som om Amos skjønte at dei ikkje ville han vondt.
”Veit du kva”, sa Chintu. ”I morgon, før skulen, går vi til gamle Mugape og spør om han kan hjelpe oss!”
”Tør vi det, då?” Bernard såg litt engsteleg ut. Mugape var rekna for å vere den klokaste mannen der omkring, men ungane var eigentleg litt redde han.
”Eg tør dersom du tør”, sa Chintu bestemt. ”Dessutan må vi jo tenkje på Amos. Nest etter dei som jobbar på helsestasjonen, er det Mugape som veit mest om korleis folk kan bli friske. Og det gjeld sikkert for apekattar også.”
----- ::: -----
Det var blitt heilt mørkt, og Chintu og Bernard gjekk til sengs, fornøgd med den nye planen. Veslebror sov allereie. Det var ganske stille i den vesle landsbyen, men etter ei lita stund kom Chintu listande ut i mørket. Han måtte berre bort til kassa der Amos låg, for å sjå ein gong til om han hadde det bra. Jaudå, den vesle apekatten såg ut til å sove djupt. Men kva var det? Ein mørk skugge rørte seg ved vasskara. Ei stor, feit firfisle! Chintu smilte frå øyre til øyre. Han greip firfisla i halen og lista seg forsiktig inn igjen, mot senga der Bernard låg ...
Last ned forteljinga som PDF.