Dei som syr kleda dine

Veit du kor kleda dine er laga, og av kven? Veit du kor mykje pengar dei tener, kor mange timer dei jobbar, og under kva arbeidsforhold dei arbeider?

 

I dag jobbar over fire millionar menneske i Bangladesh i klesindustrien, og cirka 80 prosent av det Bangladesh eksporterer til andre land er tekstilar. Alle dei største klesaktørane i Noreg produserer klede i Bangladesh. Kanskje du har på deg nokre plagg frå Bangladesh?

Bangladesh er kjent for å ha eit dårleg klima for fagforeiningar, minstelønna er den lågaste i Asia, nesten ingen fabrikkar har kollektivavtalar, arbeidsdagane som regel lange, det er svake eller ingen tilsetjingskontraktar, og sosiale gode slik som barselpermisjonar og lønn under sjukdom er eit særsyn.

Kvifor produsere klede i fattige land?

Bangladesh er eit fattig land, med over 160 millionar innbyggarar. Arbeidsløysa er stor og det er vanskeleg å finne jobb. Mange er difor glade berre dei får ein jobb - uansett kva slags type jobb og kva arbeidsforhold dei må arbeide under.

Dei store klesgigantane ønskjer å produsere så billige klede som mogleg, slik at dei kan tene mest mogleg pengar. På byrjinga av 2000-talet såg klesgigantene at Bangladesh var eit land det var lønnsamt å produsere klede i. Prisnivået i landet var lågt, lønningane var låge og befolkninga desperate etter arbeid. Eit problem var at det ikkje var så mykje plass til å bygge nye fabrikkar i Dhaka. Byen var allereie full av menneske og bygningar. Dette resulterte i at fleire av fabrikkane blei bygd svært høge, og i nokre tilfelle bygde dei fleire etasjar oppå gamle bygg.

Livsfarlege arbeidsforhold

Mange av desse fabrikkane er difor utrygge bygningar med få rømingsvegar og dårleg inneklima. Dette har arbeidarane i Bangladesh sårt fått erfare. 24.november 2012 døydde minst 112 arbeidararar i ein brann i klesfabrikken dei jobba på. Fabrikken hadde ingen nødutgangar, så arbeidarane blei enten fanga i flammane, eller døydde då dei hoppa ut av vindauga for å sleppe unna brannen.

Eit halvt år seinare, 24.april 2013, døydde minst 1129 menneske, og minst 2500 menneske ble hardt skada, då ein klesfabrikk på ni etasjar kalt Rana Plaza raste saman. Allereie dagane før kollapsen rapporterte arbeidarane om sprekkar i veggene. Dagen før bygningen raste saman fekk arbeidarane gå heim, fordi fleire mente det var fare for at bygningen kunne kollapse. Eigaren av bygningen leigde inn ein ingeniør til å gå over sprekkene. Ingeniøren konkluderte med at bygningen var trygg. Dagen etter blei arbeidarane ringt inn på jobb, og arbeidarane som ikkje ønska å gå tilbake på jobb blei slått med plastflasker og trua med å miste fleire dagslønningar viss ikkje dei gjekk tilbake til arbeid.

Tryggingsavtale for tekstilarbeidarane i Bangladesh

Ulykka med Rana Plaza gjorde at verda fikk auga opp for klesindustrien i Bangladesh, og forholda til arbeidarane der. Senere same år vart Sikkerhetsavtalen, også kalt Accorden oppretta. Meir enn 200 tekstil- og kleskjeder har signert avtalen, noko som gjorde rundt 1600 fabrikkar langt sikrare i løpet av få år. Det er likevel ein lang veg å gå før klesbransjen sikrar rettane til dei som produserer kleda våre.

Forverring under pandemien

Både styresmakter og arbeidsgivarar har brukt koronapandemien som unnskyldning for å svekkja rettane til arbeidarane. Forholda har vorte verre for arbeidarar i fleire av landa kleskjedene i Noreg importerer mest klede frå, mellom anna Bangladesh. Pandemien har dessutan vore årsaka til mange arrestasjonar og mykje valdsbruk. Den har også fått alvorlege konsekvensar for mange tekstilarbeidarar fordi pandemien har ført til mindre etterspurnad blant forbrukarane og derfor langt færre bestillingar til klesfabrikkane. Et estimat laga av det globale nettverket Clean Clothes Campaign, viser at berre i april, mai og juni 2020 vart eksporten til klesprodusentane av varer til USA redusert med 49 prosent. Eksporten til EU gjekk ned med 45 prosent. Dette har bidrege til at mange fabrikkar har måtta stengja mellombels eller har gått konkurs. Det igjen betyr at arbeidarane mistar levebrødet sitt. Det er også vanskeleg å driva fagforeiningskamp når situasjonen er så desperat.

Levelønn er ikkje det same som minstelønn

Mange land har såkalla minstelønnssatsar. Desse satsane er sette som eit minimumskrav til bedrifter som har industri i landet. I Noreg er desse satsane forhandla fram av fagrørsla og arbeidsgivarorganisasjonar. I fattige land som Bangladesh er det ofte farleg å vera fagorganisert, og det er dei som sit med makta som bestemmer kva som skal vera minstelønn. Erfaringar frå mange fattige land viser at minstelønna er så låg at arbeidarane berre har akkurat nok til å overleva. Viss noko uventa skjer i livet deira må dei ta opp lån for å betala dette.

Levelønn betyr at lønna skal dekke dei grunnleggande behova til arbeidarane og familien deira (mat, reint vatn, husrom, klede, utdanning for barna og grunnleggande helsetenester) og litt ekstra til sparing og/eller uventa utgifter. Fleire bedrifter har dei siste åra snudd på krona og så smått byrja å innføre levelønn.


REFLEKSJONSSPØRSMÅL

  • Kva trur du må til før arbeidarar i fattige land skal få det dei har krav på?

  • På kva måte kan me som forbrukarar påverka situasjonen til dei som produserer kleda våre?

  • Er det nyttig å boikotta klede frå land som Bangladesh? Kvifor/kvifor ikkje?


OPPGAVER 

  1. a) Gå gjennom kleda du har på deg – kor er dei produsert. Skriv ei liste på tavla over kva land dei fleste kleda til elevane i klassen er frå. Ta for dykk dei tre øvste landa på lista og finn ut korleis arbeidsforholda er i desse landa. Presenter funna for kvarandre etterpå.

    b) Finn ut kva du som forbrukar kan gjere for å sikre at arbeidarane som syr kleda dine får ei lønn dei kan leve av.

  2. Finn ut meir om tryggingsavtalen. Du kan bruka kjeldene nedst på sida.

    a) Kva går tryggingsavtalen ut på?

    b) Finst det nokon svakheiter med avtalen? Utdjup svaret ditt.

  3. I Noreg trer openheitslova i kraft i 2022. Lova skal sikra anstendige arbeidsvilkår i heile verdikjeda - og det er opp til bedrifta sjølv å bevisa sin eigen innsats.

    a) På kva måte kan denne lova påverka arbeidsforholda i Bangladesh?

    b) Finn ei bedrift i Noreg som produserer tekstilane sine i Bangladesh. Nytt dykk av openheitslova og be om informasjon om korleis bedrifta handterer negative konsekvensar i leverandørkjeda.

    Denne førespurnaden gir du skriftleg, og svaret skal givast skriftleg, vera dekkjande og forståeleg, og komma innan tre veker.


UTFORSK

Sjå Aftenposten-serien “Sweatshop” om dei norske ungdommane som får eit tøft møte med forholda i ein klesfabrikk i Kambodsja.

Ler mer om kleda dine i Finn ut! Følg ein genser


KOMPETANSEMÅL

    • Identifisere og drøfte aktuelle etiske problemstillinger knyttet til menneskerettigheter, bærekraft og fattigdom

    • Vurdere korleis arbeid, inntekt og forbruk kan påverke personleg økonomi, levestandard og livskvalitet

    • Beskrive ulike dimensjonar ved berekraftig utvikling og korleis dei påverkar kvarandre, og presentere tiltak for meir berekraftig samfunn

    • Utforske og beskrive korleis menneske- og urfolksrettar og andre internasjonale avtalar og samarbeid har betydning for nasjonal politikk, livet til menneske, likestilling og likeverd.