Den lange vegen

Filmen handlar om Ana (11) og familien hennar som bur i Andesfjella og gir eit innblikk i kultur og levesett blant quechua-folket.

På nesten 5000 meter over havet bur Ana og familien hennar. Ho har aldri vore noko anna stad enn fjellslettene der ho bur. Ein dag blir Ana sin veslebror sjuk, og familien må ned i dalen for å bringe han til lege. Her blir Ana kjent med Jeaneth. 

Ca 15 min.

 

SNAKK OM FORTELLINGEN

  • Kven er bestevenen til Ana?

  • Kvifor trur du ho ikkje har så monge vener?

  • Kordan trur du det er å ha så lang skuleveg som Ana?

  • Faren til Ana lagde mel. Av kva? Moren til Janeth bakte brød. Kva skulle ho med det?

  • Det er alltid leit når nokon blir sjuke, men kvifor var det ekstra vanskeleg for Anas familie då Pepito blei sjuk?


OPPGAVER  

  1. Sitt to og to, gjenfortel historia til kverandre ved at de seier ein setning kvar.

  2. Lukk øynene og sjå først for deg augneblinken i forteljinga du likte minst. Del eit ark i to, og tegn bilete på den eine delen. Etterpå ser du for deg augneblinken du likte best. Tegn bilete på den andre delen.

  3. Del i grupper. Gruppa blir einige om kva som er den viktigste scena i forteljinga. Velg ein til å vere skulptør. Han/ho skal forme dei andre i gruppa til ein skulptur, for å vise den utvalgte scena.

  4. Lag ein skulesekk lik Ana sin! Både barn og vaksne i fjellet bærer med seg sakene sine i eit knytte på rygjen kalla k´esperina. Kvinnene bær også borna sine på denne måten. Du finner oppskrifta på heiverden.no under undervisningsmateriell for Peru.

  5. Lag eit vennskapsbånd. Du finner oppskriften på heiverden.no under undervisningsmateriell for Peru.