Ein dag i Dhaka

Dhaka er hovudstaden i Bangladesh. Her bur det over 20 millionar menneske!! Veldig mange flyttar frå landsbygda og inn til byen for få seg jobb og tene pengar.

 

Dhaka er kjent for å vere Rickshawarar sin hovudstad. Rickshaw er ein slags sykkeltaxi. Det er mange tusen rickshawarar i byen. Rickshaw-taxisjåførane er veldig stolte av sykkelen sin, så dei målar den i mange fargar og pyntar den med gardiner og glitter.

Denne mannen køyrer Rickshaw. Her målar han hjula på sykkelen sin.

Dhaka er kjent for å ha ein veldig kaotisk trafikk. 

På gata sit mange og arbeider. Her er det ein som reparerer vesker og to skomakarar.

Andre sel frukt eller anna mat. Klarer du å sjå kva frukt dette er? 

Dei fleste i Bangladesh er muslimar. Dette er frå den nasjonale moskeen i Dhaka. Her er det plass til 42 000 menneske!