Ein dag med Hati

Bli med til Bangladesh og opplev en dag sammen med Hati.

 

Bli med til Bangladesh og opplev ein dag saman med Hati. 

Hati er 8 år. Ho bur i eit lite blikkhus saman med familien sin. Huset ligg på ein åskam som blir til ei øy når elvane fløymer over under regntida. Hati elskar å skrive dikt og å teikne. Ho har alle venninnene sine i nabohusa. Hati viser oss familien, huset, skulen og vennene sine. 

Gjennom å bli kjent med Hati får dei innpass i korleis barn som lever i fattigdom i Bangladesh har det. Hati er ikkje så ulik frå barn i Noreg. Ho likar å leike, drøyme og har store planar for framtida. Likevel er det materielle livet Hati og familien hennar lever veldig annleis enn livet dei fleste barn i Noreg lever.  


OPPGÅVER  

  1. Sit to og to, fortel historia oppatt til kvarandre ved at de seier ein setning kvar.

  2. Del eit stort ark i seks og teikn ein teikneserie frå filmen. Den siste teikningen skal vere Hati om fem år – korleis ønskjer og håpar du at Hati sitt liv skal sjå ut om fem år?

  3. Hati likar å dagdrøyme og er glad i å skrive dikt – kan du skrive eit dikt om kva du tenkte då du såg filmen om Hati? 


KOMPETANSEMÅL

    • Beskrive geografiske hovudtrekk i ulike delar av verda og reflektere over korleis desse hovudtrekka påverkar menneska som bur der

    • Samtale om menneske- og likeverd og samanlikne korleis menneskerettane er blitt og blir varetekne i ulike land