En lita bok om verdas store spørsmål
Hei Verden har laga ei filosofibok for barn. Boka er nydeleg illustrert, og har som mål å skapa ein open dialog rundt spørsmål om global forskjell, menneskerettar og berekraft. Den er meint som ein guide til ein filosofisk samtale i seks ulike universelle tema. Kvart tema består av fleire utheva hovudspørsmål, som blir følgde opp med moglege svar og forslag til motspørsmål. Boka kan brukast som lesestoff for interesserte unge og vaksne, men den store magien oppstår først og fremst i møte med andre i ei open og fri tankeverksemd der alle kan uttala seg. Me tilrår derfor å bruka ho som ein samtalegenerator i felleskap. Ein filosofisk samtale kan ta mange vegar, derfor er den skisserte samtalestien meint som inspirasjon. Samtalen tek kanskje ei anna retning enn ho skisserte, før den gjerne vidare ved å nytta ei filosofisk tilnærming, og still undrande motspørsmål. Ein treng heller ikkje starta på det første temaet og jobba seg gjennom boka kronologisk, ein kan plukka ut det ein måtte ønskja.
Den filosofiske samtalen gir rom for djupnelæring, og med litt trening kan den filosofiske metoden brukast i alle faga i skulen. Spørsmåla i boka er i hovudsak utvikla for mellomtrinnet, men læraren kan sjølv justera språket i spørsmåla for å tilpassa det til småtrinnet eller ungdomstrinnet. For småtrinnet kan ein i større grad vektleggja illustrasjonane og bruka dei som inspirasjon til samtalen. Tidsbruken vil variera, men 30-45 minutt er eit godt estimert utgangspunkt. Boka er tilpassa dei nye læreplanane og spesielt relevant for tverrfagleg temaa "demokrati og medborgarskap" og "berekraftig utvikling". Me har ho både på nynorsk og bokmål. I introduksjonen av boka får læraren tips til praktisk gjennomføring. Boka passar også fint å bruka i samband med ein solidaritetsaksjon for Hei Verden. Du kan bestilla maks 3 bøker per klasse.