Jordbruk og klima i Peru
Bønder overalt i verda må tilpasse seg klima, men når klima endrar seg og stadig blir meir ustabilt byr det på problem for mange – og råkar spesielt den fattige bonden.
I denne filmen møter vi kaffibonden Moises som lever i fjella i Peru. Han blir råka hardt av klimaendringar og fortel korleis det påverkar livet hans.
ORDFORKLARINGAR
Det kan vere greitt å gå gjennom desse orda med elevane, spesielt dei yngste, før ein ser filmen.
Klima
Vi brukar ordet klima når vi snakkar om vêret over lang tid, ikkje berre vêret som var i går eller vêret som kjem i morgon. Ordet klima betyr også at ein snakkar om både temperatur, vind, regn og snø.
Klimaendringar
Når det vêret som er normalt for ein stad (ein by, eit land, eit område) endrar seg er det snakk om klimaendringar. Til dømes når ein stad blir mykje varmare enn det som er normalt, eller viss det plutseleg regnar mykje meir eller mykje mindre ein stad enn det som har vore vanleg i åra tidlegare.
Avling
Avling er alle dei plantene som har vokse seg store på eit jorde der det er planta frø. Det kan vere mais, poteter, tomatar, havre osv.
Å dyrke
Dyrke er alt det du må gjere med frøa for at det skal bli ei flott avling. Du må altså så frøa, vatne dei, stelle godt med jorda osv.
Innhausting
Når det bonden har sådd er modent og bonden tar det inn frå åkeren.
REFLEKSJONSSPØRSMÅL
Trur de bonden i Noreg har nokre planter som treng eit spesielt vêr for å bli bra? Kva planter kan det vere?
Øydelegg klimaendringar for oss i Noreg også?
Kva kan vi gjere for å redde klimaet?
Mange miljøorganisasjonar snakkar om klimarettferd. Kva trur de at det betyr?
Kva trur de er grunnen til at menneska ikkje gjer meir for å redde klimaet?
Kva trur de ein meiner med at klimaendringane er «dobbelt urettferdige» for barn som lever i fattigdom? (Klimaendringar er urettferdige for barn – dei kjem til å leve med klimaendringane i framtida og har ikkje skulda for forureininga. Klimaendringar er urettferdige for dei som lever i fattigdom – det er ofte dei som blir mest råka av klimaendringane, men dei har ikkje skulda for forureininga.)
OPPGÅVER
Diskuter i klassen og lag tankekart på tavla: «Kva er det som forureinar og skaper eit dårleg klima?». (For å kome i gong: eksos frå bilar, fly, olje- og gassproduksjon, kjøp-og-kast, søppel, plastikk)
Gruppevis eller individuelt: Lag eit tankekart med så mange forslag de klarer på korleis ein kan leve meir klimavennleg her i Noreg.
Vel dei fire beste forslaga frå kvar gruppe/person og skriv dei opp på tavla. Er det nokre av forslaga de i klassen kan byrje med sjølv for å betre miljøet?
Oppfordring til læraren og klassen: bestem dykk for eit av forslaga de kan starte med i dag.
Sjå filmsnutten om Ryan på 7 år som er sjefen i sitt eige flaskepante-firma (engelsk)
Skriv eit brev til Klima og miljøministeren i Noreg og fortel om kor urettferdig de meiner klimaendringane er. Skriv om kor urettferdig det er for barn og særs for barn som lever i fattigdom. Adressa er: Kongens gate 20, Postboks 8013 Dep, 0030 Oslo.
KOMPETANSEMÅL
-
Utforskeren:
Lese tekster om mennesker som lever under ulike vilkår, og drøfte hvorfor de tenker, handler og opplever hendelser ulikt.
Geografi:
Gjør rede for klima- og vegetasjonssoner i verden og hvordan mennesker utnytter dem.
Beskrive hvordan produksjon og forbruk kan ødelegge økosystem og forurense jord, vann og luft, og drøfte hvordan dette kan hindres og repareres.