Jordbruk og klima i Peru

Bønder overalt i verda må tilpasse seg klima, men når klima endrar seg og stadig blir meir ustabilt byr det på problem for mange – og råkar spesielt den fattige bonden.

I denne filmen møter vi kaffibonden Moises som lever i fjella i Peru. Han blir råka hardt av klimaendringar og fortel korleis det påverkar livet hans.

 
 

REFLEKSJONSSPØRSMÅL

  • Kvifor er klimaendringane urettferdige?

  • Øydelegg klimaendringar for oss i Noreg også?

  • Er den norske bonden like avhengig av eit stabilt klima som Moises? Kvifor/kvifor ikkje?

  • Kva kan vi gjere for å redde klimaet?

  • Mange miljøorganisasjonar snakkar om klimarettferd. Kva trur de at det betyr?

  • Kva trur de ein meiner med at klimaendringane er «dobbelt urettferdige» for barn som lever i fattigdom? (Klimaendringar er urettferdige for barn – dei kjem til å leve med klimaendringane i framtida og har ikkje skulda for forureininga. Klimaendringar er urettferdige for dei som lever i fattigdom – det er ofte dei som blir mest råka av klimaendringane, men dei har ikkje skulda for forureininga.)


OPPGÅVER  

  1. Diskuter i klassen og lag tankekart på tavla: «Kva er det som forureinar og skaper eit dårleg klima?». (For å kome i gong: eksos frå bilar, fly, olje- og gassproduksjon, kjøp-og-kast, søppel, plastikk)

  2. Gruppevis eller individuelt: Lag eit tankekart med så mange forslag de klarer på korleis ein kan leve meir klimavennleg her i Noreg.

  3. Vel dei fire beste forslaga frå kvar gruppe/person og skriv dei opp på tavla. Er det nokre av forslaga de i klassen kan byrje med sjølv for å betre miljøet?  

  4. Oppfordring til læraren og klassen: bestem dykk for eit av forslaga de kan starte med i dag.  



LÆR MEIR

  1. Intervju ein bonde i nærleiken av der du bur. Lag 5-10 spørsmål og skriv ned svara. Kva dyrkar han/ho? Har han/ho måtta endre det dei dyrkar dei siste åra på grunn av skifte i vêr og klima?

  2. Lag en veggplakat (klipp og lim eller teikn) der de viser korleis forureininga vår og livsstilen i Noreg kan påverke bonden i Peru.

  3. Skriv ein tekst der du prøver å svare på; ”Kva kan/må me gjera for å bremsa klimaendringane - og kven må gjera det?”.


KOMPETANSEMÅL

    • Beskrive drivhuseffekten og gjøre rede for faktorer som kan forårsake globale klimaendringer

    • Drøfte hvordan energiproduksjon og energibruk kan påvirke miljøet lokalt og global