Jeg er ikke indianer - jeg er quechua!

-Eg er ikkje indianar, eg er quechua, seier Silvia og ler. – Veit du ikkje at me her i Peru er amerikanarar, me kjem ikkje frå India?

Silvia har heilt rett. I denne teksten fortel Silvia deg kvifor det er feil å bruka orda indianar om urfolk frå Amerika.

 

Columbus

Har du høyrt om Kristoffer Columbus? Det var han som oppdaga Amerika. Eller han er den europearar trur oppdaga Amerika. Eg synest det er rart at de trur det, for det budde jo folk her. Og me, me hadde oppdaga Amerika.

Uansett –  Columbus var i alle fall ein italiensk eventyrar og sjøfarar. India var det mest populære målet for sjøfararar på denne tida. Det var mykje rikdom i krydder og andre skattar å henta der. Columbus ønskte å finna den raskaste sjøvegen, og å bevisa at det gjekk an å segla vest, over Atlanteren, for å komma til India. Den spanske kongen gav Columbus støtte til å leggja ut på oppdagingsferda over Atlanterhavet. 3. august 1492 forlét han Spania med flåten, Santa Maria.

Columbus og flåtane hans kom til Bahamasøyane 12.oktober og Cuba 28.oktober. Desse øyane trudde han var øyar i Asia. På den andre ekspedisjonen kom Columbus fastlandet. Då var han heilt sikker på at han hadde komme til India. Menneska han møtte her kalla han derfor for indianarar. Etter dette, sjølv etter at europearane skjønte at Amerika var Amerika og ikkje India, har me vorte kalla indianarar.

Diskriminering og slaveri

Europearane tok over styret i Amerika. Nokre stader gjorde befolkninga motstand, og europearane tok landområda med våpen. Andre stader døydde innbyggjarane fordi europearane hadde med seg sjukdommane meslingar og koppar. I nokre område trur historikarane at så mange som 80 prosent av befolkninga døydde.

Amerika vart kolonisert av Europa og befolkninga vart behandla veldig dårleg. Nokre stader vart dei tvangsflytta, andre stader vart dei gjort til slavar og overalt vart dei diskriminerte og dårleg behandla.

Diskriminering i dag

Heilt fram til i dag blir urfolk diskriminert. I Peru, til dømes, er rundt halvparten av befolkninga urfolk. Ein tredel av befolkninga er etterkommarar av spanjolane, dei blir kalla mestisar. Sjølv om Peru ikkje er ein spansk koloni lenger, er mestisane dei rikaste og dei som bestemmer mest i landet.

Peru er berre eitt av mange døme, og døma på diskriminering og rasisme er mange.

Mange ulike urfolksgrupper

Når nokon kallar oss for indianarar, er det irriterande fordi det er feil å kalla oss opp etter ein feil Colombus gjorde for over 500 år sidan. I tillegg er det trist å tenkja på alt det vonde europearane gjorde mot befolkninga som budde i Amerika.

Dessutan er me mange ulike urfolksgrupper, og det blir feil å kalle oss alle for det samme.


Klassesamtale:

  • Kvifor liker ikkje Silvia å bli kalla indianar?

  • Korleis trur du Peru hadde vore i dag dersom Columbus aldri hadde "oppdaga" Amerika? 

  • Kva betyr rasisme?

  • Kva betyr diskriminering?

  • Har me rasisme/diskriminering i Noreg i dag? Gi døme. 

Kompetansemål:

  • Samtale om menneske- og likeverd og samanlikne korleis menneskerettane er blitt og blir varetekne i ulike land

  • Utforske og beskrive korleis menneske- og urfolksrettar og andre internasjonale avtalar og samarbeid har betydning for nasjonal politikk, livet til menneske, likestilling og likeverd