Klimaendringar i Bangladesh

I filmen blir me kjende med 12 år gamle Nobel som bur i ein liten landsby i Bangladesh. I regntida fløymer elvane over, og nokre dagar er elvane så store at han ikkje kjem seg på skulen.

 

Det er eit paradoks, at sjølv om det er dei rike landa som forureinar mest er det menneske, og spesielt barn, som lever i fattigdom klimaendringane øydelegg mest for.

Barna sine rettar blir brotne på grunn av klimaendringane. Å stoppe klimaendringane er altså ikkje berre eit spørsmål om å redde klimaet, men også for å sørge for at alle barn får oppfylt rettane sine.

Kva er klimaendringar?

Drivhuseffekten er naturleg – atmosfæren held eit beskyttande lag rundt jorda, slik at solstrålane kjem inn, men slepp samstundes ikkje ut alle strålane som blir reflekterte tilbake. Dette gjer at jorda held på varmen. Dette blir kalla drivhuseffekten fordi det kan samanliknast med kva som skjer i eit drivhus. Atmosfæren har same rolle som taket og veggane i eit drivhus – varmestrålane frå sola slepp inn og blir haldne inne i huset, slik at plantene får eit trygt og varmt klima å vekse i. Utan drivhuseffekten hadde jorda vore iskald, og det hadde vore umogleg for menneske å leve her. 

Når menneska forureinar, stig gassane opp i atmosfæren og fører til at laget med gass som beskyttar jorda, «taket og veggane i drivhuset» blir endå tjukkare. Dette fører til at fleire solstrålar blir haldne attende av atmosfæren og ikkje blir slept ut tilbake i verdsrommet. Dette fører igjen til at jorda blir varmare.

Det høyrest kanskje godt ut med eit litt varmare klima? Problemet er at det ikkje nødvendigvis blir lengre og finare somrar sjølv om klimaet blir varmare – klimaforskarane seier at det heller kjem til å bli klimaendringar og ekstremvær slik som heftige stormar og flaum. Ein kan samanlikne at jorda blir varmare med å ha feber – då skjelv-,sveittar- og frys ein, i tillegg kjenner ein seg uvel og har ikkje heilt kontroll på kroppen. Det same ser ut til å skje med jorda.

Klima(u)rettferd!

Klimaforskarar seier at alle land i verda kjem til å bli påverka av klimaendringane, men det er nokre land klimaendringane og ekstremvær kjem til å øydelegge meir for enn andre. Av desse landa er Bangladesh eit av topp tre på lista.

I Bangladesh lever store deler av befolkninga i fattigdom. Dette er ekstremt urettvist, for det er ikkje menneske som lever i fattigdom som har ansvaret for forureininga som fører til klimaendringar og ekstremvær.

Klimaendringane er «dobbelt urettferdig» for barn som lever i fattigdom. Klimaendringar er urettvise for barn – dei kjem til å leve med klimaendringane i framtida, og har ikkje skulda for forureininga.


REFLEKSJONSSPØRSMÅL

  • Kvifor er det vanskeleg for Nobel å komma seg til skulen i regntida?

  • Nobel seier at regntida har endra seg, på kva måte?

  • Synest du klimaendringane urettferdig? Kvifor/kvifor ikkje?

  • I filmen blir det sagt at klimaendringane er "dobbelt urettferdig" for barn som lever i fattigdom? Kva trur du det betyr?

  • Opplever me klimaendringar i Noreg? Viss ja, kan de komma på nokon døme?

  • Korleis trur du det er å leva i eit land som er hardt ramma av klimaendringane?


OPPGÅVER  

  1. Gå gjennom rettar i barnekonvensjonen. Kva rettar blir trua av klimaendringane? Forklar kvifor og korleis!

  2. Skriv ei liste på kva de kan gjera for å hindra klimaendringar. Skriv eit brev til Klima og miljøministeren i Noreg. Nemn gjerne desse punkta:

    • Klimaendringane er urettvise

    • Kva me kan gjera for å bremsa klimaendringane

    • Kven det er som må gjera noko for å bremsa klimaendringane

      Adressen er: Kongens gate 20, Postboks 8013, Dep, 0030 Oslo.

  3. Del elevane inn i grupper på to – og tre der dei bruker internett og finna ut: Kva betyr klimatilpassing. Finn døme på klimatilpassing.


EKSTRA

Lær mer om KlimaUrettferd.


KOMPETANSEMÅL

    • Gjøre rede for hvordan det geologiske kretsløpet, platetektonikk og ytre krefter er med på å forme og endre ulike landskap

    • Utforske og presentere ei global utfordring ved berekraftig utvikling og kva for konsekvensar ho kan ha, og utvikle forslag til korleis ein kan vere med på å motverke utfordringa og korleis samarbeid mellom land kan bidra

    • Beskrive geografiske hovudtrekk i ulike deler av verda og reflektere over korleis desse hovudtrekka påvrkar menneska som bur der

    • reflektere over eksistensielle spørsmål knyttet til menneskets levesett og levekår og klodens framtid