Klima(u)rettferd

I filmen blir me kjende med 7 år gamle Moon som bur i ein liten landsby ved grensa til India. Flom fløymer nesten over heile landsbyen seks månader i året. Då må hennar og mange andre familiar bu saman på eit trongt lite område. Det har alltid vore sånn i dette området, og det kjem av fleire ting, mellom anna regntida, at snøen i Himalaya-fjella smeltar, og syklonar. Til slutt blir det så mykje vatn som møtest på ein stad at elvane fløymer over, og vatnet kryp opp til husa og øydelegg heimane til mange menneske.

 
 

REFLEKSJONSSPØRSMÅL

  • Kva tre ting er det som gjer at vatna flaumar over så ofte i Bangladesh?

  • Kva er årsakene til global oppvarming, og kvifor er det problematisk at temperaturen på jorda stig?

  • Mange miljøorganisasjonar snakkar om "klimarettferd". Kva trur de ligg i det omgrepet?

  • Kva trur de meiner ein med at klimaendringane er "dobbelt urettferdig" for barn som lever i fattigdom? 

  • Kva kan me gjera for å bremsa klimaendringane, og kven må gjera det?


OPPGÅVER  

  1. Bruk internett til å finna ut:

    • Kva andre land i verda vil bli overfløymt først viss havnivået held fram med å stiga?

    • Kva betyr “klimaflyktning?”. Når du har funne svaret på spørsmålet, kan du prøva å finna tre døme frå røyndommen/nyheitsbiletet på dette.

    • Det er gjort mykje forsking på klima det siste året, men det finst også mange ulike meiningar. Finn ut kva som ligg i begripe “klimaskeptikar” og “klimafornektar”.

  2. Når ein søkjer på nett etter saker som handlar om klima finn ein artiklar og saker forfatta av mange ulike personar/institusjonar/kjelder. Søk opp 4 saker som handlar om klimaendringar, og bruk dette kjeldekompasset til å finna ut om det er ein forfattar/kjelde du kan stola på. Presenter gjerne funna for klassen, slik at de kan få ein god diskusjon om kjeldekritikk.

  3. Gå inn på www.faktisk.no og søk opp «klima». Dette er ei nettside som sjekkar om påstandar i media faktisk er sanne eller ikkje. Sakene er farga i grønt, gult og raudt kor grønt betyr at påstanden er sann, gult er delvis sant og raudt betyr at det er feil. Finn de nokon påstandar her som ikkje stemmer med det de trudde frå før?

  4. NRK har ei eiga nettsak med bilete som viser korleis klimaendringane har påverka Noreg. Les saka, og samanfatt dei viktigaste funna anten i ein minipresentasjon for klassen - eller i ein tekst. Jakten på klimaendringene – Spesial (nrk.no)

  • Naturfag (10. trinn):

    • Drøfte hvordan energiproduksjon og energiforbruk kan påvirke miljøet lokalt og globalt

    • Beskrive drivhuseffekten og gjøre rede for faktorer som kan forårsake globale klimaendringer

    Samfunnsfag (10. trinn):

    • Beskrive ulike dimensjonar ved berekraftig utvikling og korleis dei påverkar kvarandre, og presentere tiltak for meir berekraftige samfunn