Korleis lagar ein sjokolade?

Anny frå Noreg er på besøk hos peruanske Fiorella. I denne filmen viser Fiorella korleis ho lagar sjokolade med plantar som veks i familiens kjøkkenhagen.

Les teksten først, sjå filmen etterpå.
Deretter kan de gjera oppgåvene.

 

Sjokolade i hagen?

Planten Fiorella og familien dyrkar i kjøkkenhagen er ei kakaofrukt som inneheld kakaobønner. Det er desse bønnene ein bruker til å laga sjokolade. Kakaofrukta veks direkte på stammen og på dei tjukkaste greinene på kakaotreet. Ei moden frukt kan vera raudbrun eller gul, og ho minner om ein melon. Ei frukt inneheld mellom 20 og 50 kakaobønner. Kakaobønnene er innkapsla i eit søtt geleaktig fruktkjøtt, og liknar litt på mandlar.

Prosessen

Det er ein ganske komplisert prosess å laga sjokolade av kakaobønner. For at bønnene skal bli til sjokolade må dei gjærast, eller fermenterast. Under gjæringa blir kjernen porøs og brun, og dei får ein litt bitter smak som minner om sjokolade.

Etter gjæringa må bønnene tørkast i sola slik at dei ikkje blir øydelagde under transport og lagring. Deretter må kakaobønnene ristast (blir brende). Ristinga er kanskje den viktigaste prosessen i heile sjokoladeframstillinga, og ho har mykje å seia for korleis sjokoladen smaker. Smaken er avhengig av temperaturen og kor lenge bønnene blir rista. Dette blir ofte gjort på ein fabrikk, men kan også gjera det i ein kjele over eit bål.

Deretter må bønnene knusast, og skalet blir fjerna. Dei knuste bønnene blir måla til kakaomasse. Om du pressar kakaomassen får du ut feittet eller kakaosmør. Av kakaosmør kan du laga kvit sjokolade. Ein ferdig mjølkesjokolade består som oftast av kakaomasse, kakaosmør, sukker og mjølkepulver eller kondensert mjølk. Dette blir varma opp, blir saman blanda og blir pressa til slutt til ei sjokoladeplate eller sjokoladebar. Mørk sjokolade inneheld lite eller inga mjølk.

Historikk

Man går ut frå at kakaotreet voks vilt i jungelen rundt elvane Orinoco og Amazonas, og at mayafolket var dei første til å planta kakaotre frå omkring 600-talet. Mayafolket er eit av urfolka i Sør-Amerika. Dei brukte kakaobønnene til å laga drikken Chocolatl, som betyr bittert vatn. Dei trudde at kakao hadde ein heilande effekt på menneske, og vart derfor også brukt som medisin og i ei rekkje seremoniar. 

Kakaobønnene vart etter kvart berømte, og fleire ville ha tak i dei. Dei hadde lang haldbarheit, og var lette å frakta med seg på skip. Dei vart derfor brukte som betalingsmiddel på handelsreiser. Ein kunne kjøpa mellom anna dyr og slavar(!) med kakaobønnene. 

Det var i samband med koloniseringa av Sør-Amerika at Europa først fekk høyra om kakao, altså på 1500-talet då mellom anna Columbus og Hernan Cortes frå Spania kom til det Søramerikanske kontinentet. Dei første sjokoladefabrikkane i Europa vart starta i Spania, og deretter i Italia. I Europa var sjokolade lenge ein luksusdrikk som var meint først og fremst for overklassen. 

Kjelder:

sjokolade – Store norske leksikon (snl.no)

Sjokoladens historie (freia.no)


REPETISJONSOPPGÅVER

  • Gjenfortel, eller skriv ned, korleis sjokolade blir laga.

  • Gjenfortel, eller skriv ned, det du lærte om kakaoplanten.

  • Gjenfortel, eller skriv ned, det som overraska deg mest av kakaoen historie.

  • Kva er dei viktigaste ingrediensane i sjokolade?

OPPGÅVER

  • Lag ein mini teikneserie der du teiknar prosessen steg for steg.

  • Bruk nettet og finn ut kva andre land i verda som produserer kakao. Kva verdsdel er dei frå?

  • Gå i butikken, eller søk på nett og finn ut: Kvar kjem kakaoen i sjokoladane i butikkane i Noreg frå? Lag ei liste.