Kvifor er det fattigdom i Bangladesh?
Kvifor er det fattigdom i Bangladesh? Me har spurt ein professor i Sør-asiatiske studiar og ein leiar i ein menneskerettsorganisasjon i Bangladesh.
Er det mykje forskjell i Bangladesh?
Det er veldig mykje forskjell i Bangladesh, og enorme klasseforskjellar. Nokon er veldig rike medan det store fleirtalet er veldig fattige.
Koronapandemien har bidrege til å forsterka forskjellane i landet, og handteringa til styresmaktene av denne har vore svært dårleg. Til dømes vart alle fabrikkane i landet stengt ned på 12 timars varsel, og enormt mykje folk stod plutseleg heilt utan inntekt. Mange valde då å reisa ut frå dei store byane fordi dei ikkje hadde råd til å bu der lenger, men all kollektivtrafikken var også stengt ned. Derfor måtte mange folk, og særleg kvinner, måtte gå i dagevis for å komma heim til landsbyane sine.
Fattige koronapasientar vart også nekta helsehjelp, og folk døde utanfor sjukehusa fordi dei nekta å ta dei inn.
Etter pandemien og som følgje av krigen i Ukraina har prisane på mat og drivstoff skote i vêret, og dette har enorme konsekvensar for ei fattig befolkning. Prisen på parafin som dei fleste brukar til å koka mat er tredobla, og bussbillettane har vorte så dyre at mange ikkje har råd til transport lenger.
Kva er hovudgrunnane til at menneske lever i fattigdom i Bangladesh?
For det første vart landa veldig øydelagt under frigjeringskrigen for 50 år sidan. Når Bangladesh var ein ny nasjon på 70 talet var det eit av dei fattigaste landa i verda. Sidan den gong har landet bygd seg opp, men det er framleis ein lang veg igjen.
For det andre har landet hatt ein enorm befolkningsvekst, og befolkninga har dobla seg dei siste 50 åra. Tidlegare var det ikkje uvanleg med 5-10 barn i kvar familie. Kvar familie får ikkje meir enn to–tre barn no, men befolkningsveksten held fram i ei viss grad fordi dei store gruppene fødd på 80 og 90 talet no er vaksne og får eigna barn.
I tillegg har landa ei beskjeden eksportnæring, utanom tekstilindustrien.
Og sist men ikkje minst har klimaendringar enorme konsekvensar for utviklinga i Bangladesh. Folk flest bur ikkje meir enn to meter over havet, og nettverk av elvar går gjennom heile landet. Kvart år fløymer elvane over og dekkjer store delar av landet. Klimaendringar har ført til at desse flaumane blir kraftigare og varer lenger enn før. Dei store mengdene saltvatn øydelegg for jordbruket. Derfor ser me no ei enorm tilstrøyming av klimaflyktningar til Dhaka, både fordi det blir farlegare å bu i lågare område, og fordi jorda blir øydelagd. Hyppigare syklonar, større flaum, større befolkning, dårleg naturforvaltning og avskoging i Himalaya gjer at flaumane blir større og meir øydeleggjande enn før.
Korleis kan Bangladesh avskaffa fattigdom og forskjell?
For det første kan dei sørgja for at befolkninga blir høyrd, og gjeninnføra demokrati i landet. Per i dag har landet ingen reell opposisjon, og alle som er usamde med styresmaktene eller kritiserer dei risikerer å bli fengsla eller forsvinna.
Og det viktigaste av alt er å satsa på utdanning. Viss Bangladesh klarer å sikra at folk har utdanning, så kan folk finna løysingar på sine eigne problem sjølv. Skulesystemet i landet er underutvikla, lærarane er veldig dårleg betalt, skulemateriellet er dårleg, det same er bygningane. I tillegg får mange elevar ikkje undervisning på eit språk dei meistrar bra. Høgare utdanning skjer på privatskular og er svært dyrt.
På grunn av covid-19 pandemien auka fattigdommen kraftig, og gjekk opp til 29,5 % i 2021. Det betyr at rundt 50 millionar menneske i Bangladesh lever i fattigdom.
Er det mykje forskjell i Bangladesh?
Bangladesh har hatt ein høg økonomisk vekst dei siste åra, men ikkje alle har fått teke del i denne. I 2021 fekk den rikaste prosenten av befolkninga 16 % av inntektene, medan den fattigaste halvdelen måtte nøya seg med å dela på 17% av inntektene i landet. Forskjellen aukar, og har nådd eit alarmerande nivå.
I tillegg til forskjell i inntekt ser me forskjell i tilgang til til dømes utdanning og helsetilbod. Me finn også mange døme på diskriminering på bakgrunn av kjønn, etnisitet og religion. Bangladesh er heim til meir enn 3 millionar urfolk frå meir enn 50 etniske grupper. Desse er marginaliserte og møter mange utfordringar i samfunnet. Urfolka får sjeldan ta del i den økonomiske veksten.
Kva er hovudgrunnane til at menneske lever i fattigdom i Bangladesh?
Overbefolkning: Bangladesh er eit av dei mest folkesette landa i verda per km2. I Dhaka bur det ekstremt mykje folk på liten plass fordi folk flyttar frå landsbygda i håp om å skapa seg eit betre liv.
Naturkatastrofar: Fordi landet ligg så lågt over havoverflata er det ekstremt sårbart for syklonar og fløymer. Mesteparten av befolkninga er avhengig av jordbruk, så naturkatastrofar er enormt øydeleggjande. I tillegg kan syklonar og flaum øydeleggja heile landsbyars tilgang til vatn, straum og mat. På toppen av dette ligg Bangladesh svært utsett til for jordskjelv og tsunamiar. Naturkatastrofar er også ein av hovudgrunnane til at folk flyttar til byane.
Mangel på infrastruktur: infrastruktur er heilt nødvendig for at eit land som Bangladesh skal få økonomisk vekst. No for tida har landet ein svært dårleg og ustabil straumtilgang, noko som går kraftig ut over produksjon og industri.
Forskjell mellom kjønna: Det er ikkje likestilling i Bangladesh, og landet kjem på plass 133 av 162 i FNs forskjellsindeks. Halve befolkninga består av kvinner, men dei utgjer berre ein tredel av arbeidsstyrken. Kvinnene må ofte stella heimen og det finst mange fordommar mot at kvinner jobbar. Det eksepsjonelle unntaket her er tekstilindustrien, der 80% av dei tilsette er kvinner. Men mange av dei opplever å bli dårleg behandla på arbeidsplassen, låg lønn og dårlege arbeidsvilkår.
Analfabetisme: rundt 30 % av befolkninga kan ikkje lesa og skriva. Svært mange av dei fattigaste er analfabetar, og dette gjer det vanskeleg for dei å bryta ut av den vonde fattigdomsspiralen. Barnearbeid og barneekteskap skjer også på grunn av analfabetisme.
Ekskludering av urfolk: Urfolka i Bangladeshs menneskerettar blir ikkje oppfylte, og mange av dei manglar tilgang på utdanning, helsehjelp, mat, tilgang til reint vatn, elektrisitet osb. Disse gruppene er fattigare og meir vanskelegstilte enn resten av befolkninga, og Bangladesh vil aldri klara å utrydda fattigdom ved å oversjå denne delen av befolkninga.
Korleis kan Bangladesh avskaffa fattigdom og forskjell?
Bangladesh har allereie gjort mykje for å avskaffa fattigdom, berre det siste tiåret har 25 millionar menneske vorte løfta ut av fattigdom. Det landa kan gjera for å utrydda fattigdom er å satsa på:
Sikre utdanning for alle: utdanning forhindrar at fattigdom går i arv. Utdanninga må inkludera alle uavhengig av rase, kjønn, etnisitet, kasta, religion, og funksjonsnedsetjing.
Likestilling og styrke kvinners rettar: å sørgja for at jenter og kvinner har tilgang til utdanning, informasjon, seksuell og reproduktiv helse, og arbeidsmarknaden er essensielt for å sørgja for at dei kan bryta ut av fattigdomsspiralen.
Redusera forskjell: regjeringa må jobba for å inkludera alle i arbeidet med å oppnå FNs berekraftsmål, og like moglegheiter for alle i befolkninga.
Er utdanning viktig for utvikling?
Utdanning er ein grunnleggjande menneskerett, og drivkrafta bak utvikling. Det er eit nyttig verktøy for å redusera fattigdom, god helse, likestilling, fred og berekraftig utvikling. Utdanning er ikkje berre nyttig for enkeltmennesket, men heile samfunnet. Ei utdanna befolkning fører til høgare økonomisk vekst og økonomisk utvikling.
Sist oppdatert desember 2022.
KOMPETANSEMÅL
-
Identifisere og drøfte aktuelle etiske problemstillinger knyttet til menneskerettigheter, bærekraft og fattigdom
-
Samanlikne korleis politiske, geografiske og historiske forhold påverkar levekår, busetjingsmønster og demografi i forskjellige delar av verda i dag
Utforske og beskrive korleis menneske- og urfolksrettar og andre internasjonale avtalar og samarbeid har betydning for nasjonal politikk, livet til menneske, likestilling og likeverd.