Leikar i Peru
I denne teksten vil du få presentert, og forklart reglane til, to populære leikar i Peru.
Singleband
Du treng eit gammalt sykkelhjul og ein pinne, og så kan du og venene dine konkurrera om kven som greier å halda hjulet i fart lengst.
Yajes
Du treng ein sprettball, og 6 små steinar.
På biletet ser du figurar av plast, men det går like fint å bruka småsteinar!
To og to steinar skal vera par, og må derfor sjå nokolunde like ut.
Til dømes to kvite, to svarte og to grå steinar.
Runde 1
Ha alle steinane på handbaken (biletet over), hiv dei i lufta, og fang dei igjen i handflata (biletet til venstre).
Deretter skal du hiva alle steinane i lufta igjen, og fanga dei på handbaken! Den første som greier dette kan byrja neste del av spelet.
Runde 2
Hiv alle steinane på bakken. No er det om å gjera å plukka opp alle steinane, ein for ein, på ein bestemd måte. Du hiv ballen i lufta, plukkar opp ein stein, og tek ballen igjen. Ballen har berre lov å vera i bakken ein gong! Dersom du mislykkast, er det nestemann sin tur.
Den som plukkar opp flest steinar har vunne denne runden.
Runde 3
Du hiv ballen i lufta, ho har lov å gå i bakken ein gong, og i mellomtida skal du plukka opp to og to steinar – dei to som høyrer saman i eit par. Det er ikkje lov å vera borti nokon av dei andre steinane. Dersom du greier å plukka opp alle tre para på ein runde – kan den andre spelaren prøva det same.
Du får 1 poeng for kvar runde du vinnar.Poenga blir saman talde til slutt.