SKULE FOR ALLE

-Å LEVE MED EI FUNKSJONSNEDSETJING

I verda i dag lever omtrent ein milliard menneske med nedsett funksjonsonsevne og over halvparten av barna med funksjonsnedsetjing som lever i utviklingsland får ikkje gå på skule. Grunnane er mange. Ein kan vere at skulevegen er for lang, ein annan at familien ikkje har råd til nødvendige hjelpemidlar. Ein tredje grunn kan vere at skulen ikkje er tilpassa barnet med nedsett funksjonsevne. Mange gangar er det også slik at læraren ikkje ynskjer at elevane med nedsett funksjonsevne kjem på skulen fordi han eller ho ikkje har tid, eller ikkje veit korleis ein underviser barn med andre behov enn dei funksjonsfriske. Eit liv med nedsett funksjonsevne kan vere utfordrande uansett kor i verda ein bur, men når ein lever i fattigdom er det gjerne ekstra tøft. Fleire stadar har både unge og vaksne ei dårleg haldning til menneske med nedsett funksjonsevne. Det betyr at dei mobbar dei og behandlar dei skikkeleg ugreitt. Mange barn med nedsett funksjonsevne opplever å bli utsett for vald, også av sine eigne foreldre.

I denne filmen møter vi Johanna som bur i ein liten landsby i Zambia saman med familien sin. Johanna har ei funksjonsnedsetjing som gjer at ho blir behandla annleis enn barn på same alder. Gjennom Johannas historie får vi lære meir om korleis det er å leve med ei funksjonsnedsetjing i eit fattig land som Zambia. Vi ser at hennar funksjonsnedsetjing avgrensar livet hennar, men også at desse avgrensingane i hovudsak stammar frå fordommar, skam og tilgang på ressursar for å legge til rette for at ho skal kunne leve eit så normalt liv som mogleg.MÅL

Dette undervisningsopplegget belyser hvordan det å leve med en funksjonsnedsettelse kan påvirke retten til utdanning. Det gir også innsikt i barns levekår ulike steder i verden.

ORDFORKLARINGAR

Før filmen startar oppfordrar vi klassen til å diskutere kva nokre av omgrepa som blir brukte i filmen betyr:

  • Nedsett funksjonsevne: når ein skadar, mistar eller har ein feil ved ein kroppsdel. Eller når kroppen ikkje fungerer som den skal. Det finst veldig mange ulike former for nedsett funksjonsevne.

  • Funksjonsfrisk: ein person som ikkje har nedsett funksjonsevne.

  • Fordommar: å ha (negative) tankar eller haldningar til nokre eller noko, utan at ein har kunnskap nok til å forklare det.

  • Diskriminering: å behandle nokre dårlegare enn andre eller å behandle folk ulikt utan å ha gyldig grunn til det.  

 

REFLEKSJONSSPØRSMÅL

  • Korleis blir Johanna behandla annleis enn andre barn på hennar alder?

  • Kvifor trur du familien til Johanna skammar seg over henne?

  • Blir menneske med funksjonsnedsetjing i Noreg diskriminert?

  • Kva er skilnadane på å leve med funksjonsnedsetjing i Noreg og Zambia?


OPPGÅVER

  1. Menneske kan oppleve å bli diskriminert fordi dei har ei funksjonsnedsetjing. Kva andre grunnlag kan menneske bli diskriminert for?

  2. Skriv ein tekst der du samanliknar to ulike former for diskrimineringsgrunnlag, kva er likt og kva er ulikt for menneske som blir ramma av dette.

  3. Last ned eller bestill plakaten «Alle barn har rett til...» og fyll inn dei ulike rettane som alle barn i verda har. Les meir om barn sine rettar her.

LÆR MEIR:


KOMPETANSEMÅL

  • Drøfte korleis framstillingar av fortida, hendingar og grupper har påverka og påverkar haldningane og handlingane til folk

    Utforske og beskrive korleis menneske- og urfolksrettar og andre internasjonale avtalar og samarbeid har betydning for nasjonal politikk, livet til menneske, likestilling og likeverd