Skule i Laos
I denne filmen besøkjer vi fire ulike skular, og ser korleis kvardagen er for elevar og lærarar.
Dei fleste urfolksgruppene som lever i fjella i Laos lever i fattigdom. Det kan vere vanskeleg for dei å få seg jobb utanfor landsbyane, fordi dei ikkje snakkar Lao, som er hovudspråket i Laos. Lao er også undervisningsspråket på skulen. Difor er det vanskeleg for mange av elevane frå urfolksgruppene, dei snakkar jo sitt eige språk og skjønar ikkje kva læraren seier! Dei fleste vaksne har aldri gått på skule, og kan verken lese eller skrive. I dag er det framleis mange barn som ikkje går på skulen, og av dei som byrjar på skulen er det mange som sluttar før dei er ferdige. Dette gjer det vanskeleg å kome seg ut av fattigdommen.
SPØRSMÅL TIL FILMEN
Kvifor er det vanskeleg på skulen for mange av barna i filmen?
Kvifor sluttar mange barn i Laos på skulen når dei er 11-12 år?
Kvifor er det viktig at også urfolka lærer seg lao-språket?
Syns de det er viktig å lære om eigen kultur og språk? Kvifor/Kvifor ikkje?
OPPGÅVER
Alle barn her rett til utdanning. Sjå Hei Verdens undervisningsopplegg Skule for alle. De kan også bestille plakaten Alle barn har rett til..
KOMPETANSEMÅL
-
Presentere menneskerettar og rettar barn har, og reflektere over kvifor desse rettane finst
-
Beskrive geografiske hovudtrekk i ulike delar av verda og reflektere over korleis desse hovudtrekka påverkar menneska som bur der
Samtale om menneske- og likeverd og samanlikne korleis menneskerettane er blitt og blir varetekne i ulike land
-
Samanlikne korleis politiske, geografiske og historiske forhold påverkar levekår, busetjingsmønster og demografi i forskjellige delar av verda i dag