Å snakke quechua i Peru
I dag er omtrent halvparten, omlag 15 millionar, av dei som bur i Peru urfolk. Quechua-folket har sitt eige språk (quechua-språket), sin eigen kultur, tru og tradisjonar. I dag lever dei fleste quechuaene i fattigdom. Quechuafolket har lenge blitt sett til side i samfunnet og opplever å bli diskriminerte, men det har ikkje alltid vore slik. For å få ei forståing av dagens situasjon skal vi i denne filmen sjå tilbake på Peru si historie. Quechua-folket er nemleg det same folket som vi kjenner frå historia som inkafolket. Dei har ei spanande fortid, men har på mange måtar vore offer for ei rekke grufulle hendingar.
SPØRSMÅL TIL FILMEN
Kvifor er det så viktig at barna lærer quechua-språket på skulen?
Kva trur de er grunnen til at quechuaspråket er i ferd med å forsvinne enkelte stader i Peru?
Ein kan seie at språket er viktig for identiteten til ein person. Kva trur de det betyr?
Sjå for deg at du kjem på skulen kvar dag og har ein lærar som underviser på eit anna språk enn ditt, korleis hadde det vore?
Det står i loven i Peru at alle quechuabarn skal få lære både spansk og quechua på skulen, likevel skjer ikkje dette – kvifor trur du det er slik? (Her kan ein kanskje sjå tilbake i historia vi har lært for å finne nokre av svara)
Barnekonvensjonen er eigne lovar for barna sine menneskerettar. Urfolk har også ein eigen lov for sine menneskerettar. Kva trur de er grunnen til at grupper som barn og urfolk har eigne lovar for menneskerettar?
Noko som er likt for urfolk sin kultur, i ulike land, er at den har vart i hundrevis av år. Likevel opplever mange urfolk å bli diskriminert fordi dei høyrer til eit urfolk. Å bli diskriminert betyr at du blir behandla dårlegare fordi du til dømes har ein bestemt hudfarge, kultur, religion eller at du er homofil. Diskriminering er feil og urettferdig. Kva trur de er grunnen til at urfolk ofte blir diskriminert?
LÆR MEIR
Sjå film om urfolk her. Her er det også oppgåver som høyrer til.
KOMPETANSEMÅL
-
Beskrive geografiske hovudtrekk i ulike delar av verda og reflektere over korleis desse hovudtrekka påverkar menneska som bur der
Samtale om menneske- og likeverd og samanlikne korleis menneskerettane er blitt og blir varetekne i ulike land.
Beskriv geografiske hovudtrekk i ulike deler av verda og reflekter over korleis desse hovudtrekka påverker menneska som bur der
-
Samanlikne korleis politiske, geografiske og historiske forhold påverkar levekår, busetjingsmønstre og demografi i forskjellige delar av verda i dag
Reflektere over korleis menneske har kjempa og kjempar for endringari sa,funnet og samstundes har vore og er påverka av geografiske forhold og historisk kontekst