TØMMERHOGGING I AMAZONAS

Regnskogen i Amazonas er viktig for alle menneske på jorda. Ved å verne den, kan vi bremse klimaendringane og bevare tusenvis av dyre- og plantearter. Dessverre finst det menneske som heller vil tena pengar på regnskogen, enn å verne ho.

Dette merkar urfolkssamfunna ved Napoleven spesielt godt. Urfolket i regnskogen ber på mange måtar ansvaret for å verne skogen på sine skuldre, og fleire stader i Amazonas har urfolket fått ansvar for å forvalta skogen i sitt område. Dette fordi det ligg i deira kultur å leve i pakt med naturen, og få utøve sine tradisjonar, skikkar og sitt eige språk. Likevel kan dei bli lurte med inn i verksemder som skadar regnskogen.

Hovedgrunnane til avskoging i Amazonas:

  • Hogging av skog for å gje plass til å drive industrielt jordbruk, særleg av palmeolje, soya og storfe.

  • Skogen vert hogd for å selje tømmer. Tropiske treslag er svært ettertrakta i verda og veldig verdifullt.

  • Vegar blir bygde gjennom regnskogen.

  • Skogen blir øydelagd for å drive oljeleting eller gruvedrift.

Paolo er ein stolt mann som tilhøyrer kichwafolket. Han bur i Loreto. No skal han fortelje om den gongen eit selskap utanfrå kom til landsbyen hans for å drive med tømmerhogging. Dette er eit av mange døme på korleis selskap tek seg til rette i Amazonas for å tene pengar.

Når trefellinga startar, viser det seg imidlertid at byfolkene eigentleg berre brukar landsbyane våre som ein inngangsport til å trengje djupare inn i regnskogen. Dei hoggar ofte om natta når vi søv og ingen kan sjå dei. Og så tek dei mykje meir enn avtalt - og kva som faktisk er lovleg. Etter ei tid byrjar biletet av den gode avtalen å slå sprekkjer, og vi i landsbyane innser at noko er gale. Som regel endar det med at nokon av oss melder frå til myndigheitene for å klage på manglande lønn. Når myndigheitene då undersøkjer saka, oppdagar dei at selskapet aldri har eksistert.

Når myndigheitene vitjar landsbyen og ser sjølv kor mykje skog som er fjerna, ileggjer dei landsbyen ei bot. Boten blir rekna per tre som er felt. Det blir fort mange tre, for når eit tre vert hogge, tek det med seg andre tre i draugssug på veg ned mot bakken. Boten kan lett kome opp i eit par hundre tusen soles. Det tyder at vi i landsbyane blir sitjande i evig gjeld til myndigheitene, sjølv om myndigheitene veit at det var det ulovlege selskapet som er skuld i trefellinga. Og kor er folka i det ulovlege selskapet no? Det veit ingen. Dei har allereie sendt tømmeret ned elva og er utanfor rekkevidde.

Urfolk i landsbyane rundt her har avgrensa moglegheit til å protestere. Vi bur langt frå byane, og det er kostbart og krevjande å gjere det. Likevel har vi nokre organisasjonar som støttar oss. Myndigheitene har hjelpt litt ved å hjelpe oss med å plante nye tre, men dei held fram med å bøteleggje oss og setje oss i gjeld.

Denne ulovlege aktiviteten påverkar oss på mange måtar. Vi mistar ressursar som vi treng for å bygge våre eigne båtar og hus. Det er òg hjarteskjerande at den neste generasjonen veks opp og berre høyrer om visse typar tre. Hogginga skjer raskt, ukontrollert og ulovleg, og regnskogen krymper stadig. Ikkje minst blir vi urettferdig straffa for det, og sett i gjeld til myndigheitene - utan å eigentleg ha gjort noko gale.

Etter møtet reiser byfolket tilbake og viser dei signerte papira til myndighetene. Alt ser tilsynelatande greit ut, og dei får løyve også frå myndighetene til å dra ut i landsbyen og felle tre. I det trefellinga skal starte, ansetter det nye selskapet gjerne nokre av oss lokale urfolk for å hjelpe. Vi blir lova ein god lønn, heile 20 soles om dagen. Til samanlikning tener ein yuca-bonde her i Napo-området mindre enn dette på eit heilt år.

Vanlegvis startar det med at det kjem folk frå Iquitos, eller ein av dei andre større byane, hit til landsbyane våre. Dei seier dei representerer eit nytt firma, og ynskjer å foreslå eit samarbeid som vil gagna oss, urfolket. Difor samlar vi landsbyens apuer, leiarar, til eit møte med det nye selskapet. Her vert det lagt fram ein plan som seier at det nye selskapet ynskjer å hogge ned nokre få tre. Berre på det området som vi urfolk har lov til å hogge på. Det er nemleg ganske strenge reglar frå myndigheitene si side for kor mykje vi kan hogge ned. Avtalen som blir lagt fram og signert høyrest alltid bra ut, og slår fast kor mange tre som skal hoggast ned.

Samtalespørsmål

  • Kvifor er det mange selskap som ønskjer å drive verksemd i Amazonas? Og kvifor trur dykk at det er fleire som er villige til å ty til ulovlege verkemiddel for å få tilgang til ressursane?

  • Kvifor trur du at urfolk lett kan bli lurt inn i avtalar dei seinare angrar på?

  • Kvifor er det viktig å bevare regnskogen?

  • Fleire av verdas største regnskoger befinn seg i fattige land. Er det rett å kreve at desse landa bevarar regnskogen i staden for å bruke ressursane der til å tena pengar?

  • Noreg er ein pådrivar for å bevare regnskogen i verda, kan det vere problematisk for Noreg å kreve at andre land let regnskogen liggje uberørt når vi fortset å utvinne olje?

Lær meir

  • I denne teksten kan vi lese om ulovleg tømmerhogst, søk på nettet og finn eksempel på andre aktivitetar som truar regnskogen i Amazonas.

    Finn ut kvar dei andre store regnskogene befinner seg i verda og kva som truar regnskogen her. Er det store forskjellar?