UNG OG HIV-POSITIV
I denne filmen blir vi kjent med Josephine. Josephine er HIV-positiv. Ho er 16 år og bur på ein barneheim i hovudstaden, Lusaka. Josephine fortel om ein veldig hard barndom, men og om korleis ho nå har fått håpet tilbake.
Zambia har vært hardt råka av HIV/AIDS pandemien. Sjølv om det har vært ei positiv utvikling dei siste åra, er HIV enda ein stor belastning for mange i Zambia, og rammar kvinner mykje meir enn menn. I 2018 var 14,2% av alle kvinner mellom 15 og 49 år HIV-positive, mens same tal for menn var 7,5%. Ca 60% av dei som har viruset mottek behandling. Ein positiv trend er at det har vært ein markant nedgong i mor-til-barn smitte. Dette er i stor grad grunna utbredt testing av gravide og betre behandling. Framleis er det stor mangel i kunnskapen til ungdom i Zambia om korleis dei kan beskytte seg mot viruset.
Kilde: UNICEF (https://www.unicef.org/zambia/hivaids)
SPØRSMÅL TIL FILMEN
1. Korleis fekk Josephine vite at ho hadde HIV?
2. Kvifor hang Josephine bak på skulen?
3. Korleis kan ein person med HIV halde sjukdommen i sjakk?
REFLEKSJONSSPØRSMÅL
1. HIV/Aids er et fattigdomsproblem. Kvifor?
2. Kvifor trur du at tanta behandla Josephine annleis enn sine eigne barn?
3. Kvifor trur du at det eksisterer så mange fordommar mot menneske som er smitta av HIV/Aids?
Kjelde: Hei Verden har fått låne denne filmen av FDF (Frivilligt Drenge- PigeForbund) og Folkekirkens Nødhjælp (DanChurchAid).
KOMPETANSEMÅL
-
Identifisere og drøfte aktuelle etiske problemstillinger knyttet til menneskerettigheter, bærekraft og fattigdom
-
Samanlikne korleis politiske, geografiske og historiske forhold påverkar levekår, busetjingsmønster og demografi i forskjellige delar av verda i dag