Urfolk i Bangladesh
Det er over 50 forskjellige grupper med urfolk i Bangladesh. Dei utgjer ein ganske liten del av den totale befolkninga i Bangladesh som er på 161 millionar, rundt 2-3 millionar.
Urfolka i Bangladesh skil seg frå hovuddelen av befolkninga i landet, blant anna fordi dei har ein annan kultur, religion og språk. Difor blir dei kalla minoritetar. Minoritet betyr i mindretal. Majoriteten, fleirtalet, i Bangladesh blir kalla bengalarar. Dei har også sitt eige språk som er bengali, og dei fleste er muslimar. Mange av urfolka er hinduar, kristne og buddhistar, og dei snakkar mange ulike språk.
Urfolka er med andre ord både ein kulturell minoritet, språklig minoritet og religiøs minoritet.
Diskriminering
Mange av urfolka i Bangladesh opplever å bli diskriminert og dårleg behandla. Dei lever ofte i fattigdom. På skulen skjønar mange av urfolksbarna ikkje undervisninga og kva læraren seier, fordi dei ikkje forstår bengali, som er hovudspråket og undervisningsspråket. Difor sluttar mange barn på skulen når dei er veldig unge. Då blir det vanskeleg å få jobb når ein er vaksen.
REFLEKSJONSSPØRSMÅL
Kva betyr diskriminering?
Har vi diskriminering i Noreg i dag? Kven blir diskriminert og kvifor?
Kva kan du gjere for å forhindre/førebygge diskriminering?
OPPGAVER
Les om samar - http://www.ung.no/samar/. Fordel temaene på ulike grupper. Hald føredrag for resten av klassen. Til slutt samanliknar de samar i Noreg og urfolk i Bangladesh. Kva er likt og kva er ulikt?
Les om urfolk sine rettar: https://snl.no/urfolks_rettigheter. Har samar i Noreg og urfolk i Bangladesh, fått innfridd rettane sine?
FORDYPNING
Ler mer om urfolk.
Forklaring av vanskelige ord
Diskriminert: betyr å bli behandla annleis på ein dårleg måte fordi du har ein annan kultur, eit anna språk, utsjånad, handikap eller nasjonalitet.
Minoritet: betyr i mindretal.
Kulturell minoritet: betyr at kulturen er i mindretal. Dei som har denne kulturen har ein annan kultur enn den kulturen dei fleste i landet har.
Religiøs minoritet: betyr at religionen er i mindretal. Dei som har denne kulturen har ein annan kultur enn den kulturen dei fleste i landet har.
Språklig minoritet: betyr at språket er i mindretal. Dei som snakkar dette språket snakkar eit anna språk enn det dei fleste i landet gjer.
Urfolk: er eit folk som har bevart sin tradisjonelle kultur og sine verdiar, og som levde i område før storsamfunnet overtok eller staten blei etablert.
----
Kilder: ILO
KOMPETANSEMÅL
-
Gjøre rede for og reflektere over samenes og andre urfolks religons- og livssynstradisjoner
Identifisere og drøfte aktuelle etiske problemstillinger knyttet til menneskerettigheter, bærekraft og fattigdom
-
Samtale om menneske- og likeverd og samanlikne korleis menneskerettane er blitt og blir varetekne i ulike land