UTDANNING UANSETT
I filmen møter vi foreldrelause Inecta, som bur hjå tanta og onkelen sin. Ho er så heldig å få stipend for å gå på ein god skule, men ho føler seg ofte veldig annleis enn dei andre jentene. Sjå filmen og høyr kva ho drøymer om for framtida.
I Zambia byrjar barna på skulen når dei er sju år. Grunnskulen varer frå 1. – 7. klasse. Etter 7. klasse kan elevane fortsetje på ungdomsskulen. Ungdomsskulen er til saman fem år (tilsvarande 2 år ungdomsskule og 3 år vidaregåande). For å kome inn på ungdomsskulen må ein ha veldig gode karakterar, og dei beste skulane kostar pengar. For mange elevar på landsbygda er det i tillegg langt å reise til ungdomsskulen. Dette fører til at under halvparten av ungdommane i Zambia går på ungdomsskulen. Inecta er heldig som får gå på ungdomsskulen. Ho har fått eit stipend, og onkelen og tanta, som ho bur hjå, held til i byen der ho går på skule.
Det er gratis å gå på skulen i Zambia, men det er likevel mange foreldre som ikkje har råd til å sende barna sine på skule. For å gå på skulen må dei kanskje kjøpe nye sko, skuleuniform og skrivesaker, i tillegg til å betale ei eksamensavgift. Det har ikkje alle råd til. Berre omlag halvparten av barna i Zambia fullfører barneskulen
SPØRSMÅL TIL FILMEN
1. Inecta er foreldrelaus, kva døydde foreldra av og kor bur ho? Kven bur ho saman med nå?
2. Korleis betaler ho for skulen?
3. Kva ville dei fleste jentene, veninnene til Inecta, bli når dei blir store?
4. Kva synest Inecta var vanskeleg med å kome frå den bakgrunnen ho har og å gå på ein god skule?
REFLEKSJONSSPØRSMÅL
1. Trur du at det er stor skilnad mellom det Inecta opplever på skulen og det ein norsk elev, frå ein familie som ikkje har så god råd, opplever? Forklar kvifor du meiner det du meiner!
2. Kvifor er det viktig at utdanning er gratis? Kvifor er dette særleg viktig i land der det er mange menneske som lever i fattigdom?
3. I den siste scenen i filmen ser Inecta og kusina hennar på Oprah på tv. Oprah seier «alle jenter må ha minst eit par med to «inches» høge helar». Kva tenkte de då de såg denne scena?
Kjelde: Hei Verden har fått låne denne filmen av FDF (Frivilligt Drenge- PigeForbund) og Folkekirkens Nødhjælp (DanChurchAid).
KOMPETANSEMÅL
-
Identifisere og drøfte aktuelle etiske problemstillinger knyttet til menneskerettigheter, bærekraft og fattigdom
-
Samanlikne korleis politiske, geografiske og historiske forhold påverkar levekår, busetjingsmønster og demografi i forskjellige delar av verda i dag