Arbeidsforhold i Bangladesh
I filmen møter me Nobel, han er ein gut på 12 år som bur i ein landsby i Bangladesh. Far hans forsørgjer familien ved å dyrka ris og fiska. Det kan vera vanskeleg for arbeidarar i Bangladesh.
Jordbruk og fiske
Nesten halvparten av befolkninga i Bangladesh jobbar i jordbruk. Heile 70 % av landet består av dyrkbar jord. Det blir mest dyrka ris i Bangladesh, men også kveite, jute, mais og potet. I regntida fiskar mange i dei enorme elvane som ofte flaumar over og fløymer over rismarkene.
Flyttar til byane
Fordi lønna er dårleg i jordbruket flyttar mange inn til dei store byane for å tena pengar. Ofte endar dei opp med å måtta jobba på stader der dei tener veldig lite og kvar det kan vera farleg å arbeida.
Farlege arbeidsforhold
Bangladesh er verdas nest største eksportør av tekstil, og 4,4 millionar menneske jobbar i tekstilindustrien, for det meste kvinner. Klesfabrikkane er ofte utrygge bygningar med få rømmingsvegar. I 2013 kollapsa ein klesfabrikk kalla Rana Plaza og over 1100 menneske vart drepne, og fleire tusen skadd. Etter denne ulykka har fokuset på tryggleik vorte større, men det er framleis langt igjen før alle arbeidarar er sikra gode arbeidsforhold i Bangladesh.
REFLEKSJONSSPØRSMÅL
Kva er dei største forskjellane mellom å bu i byen og å bu på landet i Bangladesh?
Kva kan vera vanskeleg med å bu i byen? Og på landet?
Kvifor flyttar mange i Bangladesh frå landet til byane?
Kva kan skje når veldig mange flyttar frå landsbyane og inn til byane på kort tid?
Kva er forskjellane mellom arbeidsforholda i Bangladesh og i Noreg?
EKSTRA
For ungdomsskulen: lêr meir om tekstilbransjen i Bangladesh i Dei som syr kleda dine.
KOMPETANSEMÅL
-
Identifisere og drøfte aktuelle etiske problemstillinger knyttet til menneskerettigheter, bærekraft og fattigdom (10.trinn)
-
Samtale om menneske- og likeverd og samanlikne korleis menneskerettane er blitt og blir varetekne i ulike land (7.trinn)
Vurdere korleis arbeid, inntekt og forbruk kan påverke personleg økonomi, levestandard og livskvalitet (10.trinn)