Fredsprisen til eit barn
I 2014 fekk Malala Yousafzai Nobels fredspris saman med Kailash Satyarthi. Malala var då 17 år, og den yngste som nokon gong har fått prisen. Prisen vart utdelt for kampen deira for rettane til barn.
Malala Yousafzai
Malala var på skulen då ho fekk vita at ho fekk fredprisen. Journalistar frå heile verda ville prata med henne, men Malala ville bli ferdig på skulen først.
Malala voks opp i Swat-dalen i Pakistan. På den tida hadde Taliban, ei gruppe strengt religiøse menn, kontroll i dette området. Desse mennene meiner at jenter ikkje skal gå på skulen. Jenter skal vera heime og arbeida i huset. Dette ville ikkje Malala finna seg i, ho ville gå på skulen. Allereie som 12-åring byrja Malala å skriva blogg om retten jenter hadde til å gå på skulen.
Bloggen gjorde Malala kjent både i Pakistan og i verda. Politikarar frå heile verda ville prata med henne og i 2011 vann ho ein fredspris i Pakistan.
Klassesamtale
Kvifor vann Malala fredsprisen?
Kvifor ønskte Taliban å drepa henne? Korleis gjekk det med henne?
Kva meiner Malala når ho seier at fredsprisen går til alle barn?
Kvifor er det viktig at jenter går på skulen? Nemn tre grunnar.
Korleis hadde du følt deg viss det var ulovleg for jenter/gutar å gå på skulen i Noreg?
Lær meir
Bruk undervisningsopplegget urettferdighet, ulikhet og utdanningskrise for å lære meir om korleis Covid-19 pandemien førte til ei utdanningskrise og kva for nokre konsekvenser dette har hatt. Passer best for ungdomstrinnet.