Klimaendringar i Bangladesh

I filmen blir me kjende med 12 år gamle Nobel som bur i ein liten landsby i Bangladesh. I regntida fløymer elvane over, og nokre dagar er elvane så store at han ikkje kjem seg på skulen.

 

Det er eit paradoks, at sjølv om det er dei rike landa som forureinar mest er det menneske, og spesielt barn, som lever i fattigdom klimaendringane øydelegg mest for.

Barna sine rettar blir brotne på grunn av klimaendringane. Å stoppe klimaendringane er altså ikkje berre eit spørsmål om å redde klimaet, men også for å sørge for at alle barn får oppfylt rettane sine.

Kva er klimaendringar?

Drivhuseffekten er naturleg – atmosfæren held eit beskyttande lag rundt jorda, slik at solstrålane kjem inn, men slepp samstundes ikkje ut alle strålane som blir reflekterte tilbake. Dette gjer at jorda held på varmen. Dette blir kalla drivhuseffekten fordi det kan samanliknast med kva som skjer i eit drivhus. Atmosfæren har same rolle som taket og veggane i eit drivhus – varmestrålane frå sola slepp inn og blir haldne inne i huset, slik at plantene får eit trygt og varmt klima å vekse i. Utan drivhuseffekten hadde jorda vore iskald, og det hadde vore umogleg for menneske å leve her. 

Når menneska forureinar, stig gassane opp i atmosfæren og fører til at laget med gass som beskyttar jorda, «taket og veggane i drivhuset» blir endå tjukkare. Dette fører til at fleire solstrålar blir haldne attende av atmosfæren og ikkje blir slept ut tilbake i verdsrommet. Dette fører igjen til at jorda blir varmare.

Det høyrest kanskje godt ut med eit litt varmare klima? Problemet er at det ikkje nødvendigvis blir lengre og finare somrar sjølv om klimaet blir varmare – klimaforskarane seier at det heller kjem til å bli klimaendringar og ekstremvær slik som heftige stormar og flaum. Ein kan samanlikne at jorda blir varmare med å ha feber – då skjelv-,sveittar- og frys ein, i tillegg kjenner ein seg uvel og har ikkje heilt kontroll på kroppen. Det same ser ut til å skje med jorda.

Klima(u)rettferd!

Klimaforskarar seier at alle land i verda kjem til å bli påverka av klimaendringane, men det er nokre land klimaendringane og ekstremvær kjem til å øydelegge meir for enn andre. Av desse landa er Bangladesh eit av topp tre på lista.

I Bangladesh lever store deler av befolkninga i fattigdom. Dette er ekstremt urettvist, for det er ikkje menneske som lever i fattigdom som har ansvaret for forureininga som fører til klimaendringar og ekstremvær.

Klimaendringane er «dobbelt urettferdig» for barn som lever i fattigdom. Klimaendringar er urettvise for barn – dei kjem til å leve med klimaendringane i framtida, og har ikkje skulda for forureininga.


REFLEKSJONSSPØRSMÅL

  • Mange miljøorganisasjonar snakkar om "klimarettferd". Kva trur du det betyr?

  • Synest de klimaendringane er urettferdig? Kvifor/kvifor ikkje?

  • Kva trur du meiner ein med at klimaendringane er "dobbelt urettferdig" for barn som lever i fattigdom?

  • Rammar klimaendringane Noreg også? Viss ja, kan de komma med nokon døme?

  • Korleis trur du det er å leva i eit land som er hardt ramma av klimaendringane?


OPPGÅVER  

  1. Gå gjennom rettar i barnekonvensjonen. Kva rettar blir trua av klimaendringane? Forklar kvifor og korleis!

  2. Bruk nettet og finn ut: Kva betyr klimatilpassing? Prøv deretter å finna tre konkrete døme på klimatilpassing.

  3. Skriv ein tekst der du prøver å svara på ”Kvifor gjer me ikkje meir for å redda klima?”
    Sjå denne mini-serien på nrk.no før du byrjar å skriva: Derfor vil vi ikke høre – Klima (nrk.no)
    I serien vil ein klimapsykolog forklara noko av problematikken i spørsmålet over.


EKSTRA

Lær mer om KlimaUrettferd.


KOMPETANSEMÅL

    • Drøfte hvordan energiproduksjon og energiforbruk kan påvirke miljøet lokalt og globalt

    • Beskrive drivhuseffekten og gjøre rede for faktorer som kan forårsake globale klimaendringer

    • Beskrive ulike dimensjonar ved berekraftig utvikling og korleis dei påverkar kvarandre, og presentere tiltak for meir berekraftige samfunn