Victor fra Amazonas

Side 3

Lenger nede langs elva sit nokre jenter og lagar ‘masato’. Masato er ein tradisjonell drikk, og Victor reknar med dei skal bruke den til påskefeiringa i morgon. Jentene smiler og ler mens dei tygg og spyttar ut yucaen som ligg i ein liten tre-kano framfor dei.

«Alli puncha», ropar Victor frå båten. «Har de sett ein gul volleyball?».
«Nei, diverre» seier den nærmaste jenta med munnen full av yuca.
«Du kan spørje gutane litt lenger nede i elva», seier ei anna jente.
«Dei øver på eit musikkstykke dei skal framføre i morgon». 

Victor og faren seilar vidare til Victor høyrer lyden av ein jamn trommerytme og munter fløytemelodi.
«Sjå pappa, der er dei». Faren tar eit par bestemte åretak for å svinge inn mot land.

«Alli puncha! Har de sett ein gul volleyball flyte forbi?», spør Victor med håp i stemma.
Musikkøvinga blir leia av en yachak som tar tre-fløyta frå munnen før han svarer kort:
«Diverre gut, ingen ball her».
Han er rask med å føre fløyta opp til leppene igjen, og lar dei muntre tonane trille videre.

Victor lar blikket kvile på elva. Speidar etter den gule vesle prikken. Idet han flyttar blikket til motsett side av elva ser han ei ferje som står fast på ein sandbanke. Det er lite vatn i elva etter ein lang periode med tørke. Det gjer det vanskeleg å seile ferjene opp og ned elva.

«Sjå fergja, pappa». Ved ferjeleiet er det fullt av utolmodige reisande. Mange skal på jobb, andre skal til byen for å treffe familie. Nokre skal også til legen. Det er nemleg ikkje noko lege i landsbyane her. Victor flyttar blikket vidare for å sjå etter den duppande gule ballen.

Gå til: Forside 1 2 3 4 5 6 Undervisningsmateriell