Victor fra Amazonas
Side 1
“Kykkeliky!” Sola har så vidt stått opp og nabohanen Frans gjel av full hals.
“Åh, det er altfor tidleg på ein laurdag”, tenker Victor.
Ved sida av senga heng cushmadrakta på ein kleshengar. Victor si mor har gjort ho klar til påskefeiringa i morgon. Det kriblar litt i magen når han tenker på morgondagen, kichwafolket er nemleg veldig glad i å feire påske. Victor synest det er veldig kjekt når det kjem menneske frå alle dei andre landsbyane langs elva i Amazonas.
Victor labbar inn på kjøkenet. Føtene er tunge og trøytte.
«Sett deg ned, eg har laga platanos og egg til deg», seier mor til Victor.
Det er ekstra varmt på kjøkenet etter mor har fyrt opp bålet for å steike egga.
«Alli puncha!» det er Oliver, Elena og Eva som står i døropninga og seier «God dag».
Dei har avtalt å spele volleyball. «Eg kjem, eg skal berre hente ballen».
Victor går inn på rommet sitt og opnar den store kista si.
Han har fått ballen av onkelen sin, og er den einaste av vennene som har ein eigen ball.