Victor fra Amazonas

Side 4

  • Sjå på teikninga under:

    • Kva ser de på teikninga?

    • Kva trur de dei to gutane gjer/seier til guten?

    • Kva trur de Victor kjenner?

    • Kva trur de skjer vidare?

    • Kva betyr det å mobba?

Dei padlar eit lite stykke til. Bak eit par palmer kjem tre gutar til syne. To av dei peikar på den tredje, og ler.
Victor kan høyre at dei to mobbar han fordi han ikkje snakkar spansk.
Victor blir uvel, og kjenner det stikk langt inni magen.

 «Det er så urettferdig at dei mobbar oss berre fordi vi snakkar kichwa», seier han
og ser at faren har fått ei djup rynke mellom augnebryna.

Victor og familien veit godt kor urettferdig kichwafolket blir behandla etter at storebroren prøvde å få seg jobb i Iquitos, den store elvebyen. Ingen ville tilsetje når han ikkje kunne spansk - og fordi han høyrer til kichwafolket.

«Full fart framover, pappa», seier Victor. Faren tar eit par gode åretak før straumen ber båten vidare ned mot neste landsby.

  • Sjå på teikninga under:

    • Kva ser de på teikninga?

    • Kva trur de har skjedd her?

    • Kvifor er elva svart?

    • Kva trur de det har å seia for Victor og familien?

    • Trur de slikt skjer ofte i Amazonas?

    • Er Amazonas viktig for andre enn berre Victor og dei som bur der?

Victor tittar ned i vatnet og ser eit par daude fiskar. For ein månad sidan sprakk ein oljeleidning, og sølte ut mange hundre tusen liter olje i elva. Victor sin far var den første i landsbyen som merka at noko var gale då maskene i fiskegarnet blei svarte og seige av olje. Saman med landsbyen sin yachak, lærarane og andre vaksne arrangerte han ein protest.

Dei kravde at oljeselskapet skulle gi dei reint drikkevatn og rydde opp. Mange folk frå dei ulike landsbyane deltok, likevel var det ingen som høyrte på dei. Det dukka opp nokre frå ei avis. Dei tok bilete av menn som samla opp olje frå elva. Etter at bileta var tatt drog mennene igjen. 

Gå til: Forside 1 2 3 4 5 6 Undervisningsmateriell