Victor frå
Amazonas 

- og jakta på den gule volleyballen

“Victor frå Amazonas” er ei digital bok om urfolks levekår og rettar.

Victor mistar den gule volleyballen i Amazonaselva, og kastar seg i båten saman med pappaen sin. Me blir med dei på jakt etter ballen, og det som viser seg å bli ei svært spennande reise.

Korleis bruke boka?
Når boka blir brukt i undervisning tilrår me at ho blir lesen høgt i klasserommet. Vis boka på prosjektor, og samla elevane på golvet i ein halvsirkel. Legg gjerne puter på golvet, og skru av lyset før elevane kjem inn for å skapa forventningar og gjera klart til ei felles oppleving.

For størst mogleg læringsutbytte tilrår me at de tek i bruk STOPP-TENK-SNAKK- spørsmåla som dukkar opp undervegs. Faktaboksane i gult er også nyttige for å få ei heilskapleg forståing av temaet av boka. Til slutt finn de undervisningsmateriell som er tilpassa trinn, og knytt til relevante kompetansemål.

Boka er skrive av Hei Verden, illustrert av Erlend Hjortland Sandøy og utvikla med støtte frå Unesco-kommisjonen.

  • Start ved å sjå på førstesida saman.

    • Kva trur de boka handlar om?

    • Kvar trur de me er?

    • Kva veit de om Amazonas?

    • Kva dyr er på biletet?

    • Kven er dei to på biletet?

    • Kven er urfolk?

    • Kva veit de om urfolk?

Gå til: Forside 1 2 3 4 5 6 Undervisningsmateriell