Victor fra Amazonas

Side 6

Faren har allereie padla bort til palma. Victor strekker seg så lang han er, og får tak i den gule volleyballen. Han smiler frå øyre til øyre. Letta og glad. Dei to jublar og ler før faren snur båten og byrjar å padle oppstraums. «No må vi padle fort for å rekke heim før det blir mørkt, Victor», seier han noko bekymra. 

Idet mørkret bryt fram kan Victor skimte at mor hans står nede ved elva og ventar på dei.
Victor går i land, og får ein god klem av mora. «Kom, eg har laga kveldsmat til deg», seier ho.
«Du må ete og gå rett i seng, for i morgon er det påskefeiring».

«Kykkeliky!» Hanen Frans er like ivrig som alltid på å få vekka landsbyen. Victor sprett opp og tar på seg cushmadrakta. I det fjerne kan han høyre dei taktfulle trommene og den leikne melodien frå yachacken si fløyte. Han kastar eit kjapt blikk på kista si, og veit at der ligg den gule volleyballen trygt. Etterpå spring han ut og blir med på heil dags påskefeiring .

  • Samanfatt boka saman:

    • Kva likte de spesielt godt?

    • Var det noko som gjorde spesielt inntrykk?

    • Var det noko du ikkje likte?

    • Var det nokon som kjende seg igjen i Victor? På kva måte?

Gå til: Forside 1 2 3 4 5 6Undervisningsmateriell