Victor fra Amazonas

Side 2

«Din tur til å serve, Victor», seier Elena. Stillinga er 5-4. Victor sin serve er hard.
Elena prøver å ta i mot, men er for sein og ballen skyt fart mot elva.

«NEEEEEI, SPRING!», ropar Victor. Å miste volleyballen i dei sterke straumane i elva er krise.
Dei fire venene spurtar ned mot elva, men er for seine. 

  • Sjå på teikninga under:

    • Kva ser de på teikninga?

    • Kva trur de skjer vidare?

    • Kva trur de Victor kjenner?

    • Kva lydar trur de Victor høyrer?

    • Korleis trur de Victor komma til å løysa dette problemet?

«Kva skjer?», spør faren til Victor. Han gjer klart fiskegarnet nede i elvekanten.

«Sjå der då», ropar Victor desperat og peikar på den gule volleyballen som flyt sakte med straumen.

«Pappa, du må hjelpe meg. Eg kan ikkje miste den», seier Victor nærast på gråten.
«Kom Victor, ta åra og hopp oppi», svarer faren kjapt.
Han står allereie oppi peke peke´n klar til å ro etter ballen.

Straumen i elva er sterk, og etter kort tid er ballen ute av syne.
Victor sin far padlar så fort han klarer.

Gå til: Forside 1 2 3 4 5 6 Undervisningsmateriell